Døden på korset

Jesus døde på korset. Sidan har korset blitt det mest kjente symbolet knytt til kristendomen. Eigentleg er korset eit frykteleg tortur-instrument. Dei første korsfestingane er kjente frå Athen på 600-talet f.Kr. På 300-talet blei korsfesting ein allmen praksis i det hellenistiske riket, det vil seia riket som oppstod med Alexander den store. På den måten møtte jødane korsfesting, og i dei siste hundreåra før Jesu tid var det mange som blei korsfesta i Jerusalem. I 1968 blei det, i ei grav i Jerusalem, funne bein etter ein mann som var korsfesta i dei siste åra før byen blei øydelagt av romarane i år 70 e.Kr. Dette funnet gav interessant kunnskap som kunne samanliknast med det me veit om Jesu korsfesting.

Det var fleire typer kors som blei nytta ved korsfestingar. Vårt ord kors gir inntrykk av to linjer som kryssar kvarandre. Verken det greske stauros eller det latinske crux har nødvendigvis den betydninga. Den einaste opplysninga som kan seia noko om kva type kors som blei nytta då Jesus blei korsfesta, er opplysninga med klagemålet som stod over hovudet på han.

Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: “Dette er Jesus, kongen over jødane.” (Matt 27,37)

Det betyr truleg at tradisjonen som alltid har rekna med eit kors av typen “forlenga plussteikn” har rett. Mest sannsynleg har den vertikale pålen stått fast på Golgata, mens den horisontale stokken blei boren til staden, først av Jesus, sidan av Simon frå Kyrene (Matt 27,32).

Me veit ikkje kor høgt Jesu kors var. Men det blei nytta ein stong då det blei løfta ein svamp med eddikvin opp til Jesus (Matt 27,48). Eg har lese gjettingar på at korset var i overkant av 2 meter høgt.

Kva veit me så om koss Jesus var festa til korset? Det står ikkje noko om det i samband med korsfestinga, men enkelte skildringar frå tida etter oppstoda gjev informasjon om at han hadde naglemerke i hendene og på føtene.

Då Jesus openberra seg for disiplane etter oppstoda, sa han: “Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå!” (Luk 24,39)

Og møtet med Tomas fortel òg noko om dette:

«Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.» Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk.” Så seier han til Tomas: “Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!” (Joh 20,25-27)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: