Nytt og svært gamalt papyrus med ord frå Jesus!

Eg syns det er interessant å lesa om dei eldste manuskripta til Det nye testamentet. I teologisk samanheng er dette ein del av det fagfeltet som blir kalla teksthistorie. Eg er på ingen måte spesialist i dette. Men altså: eg syns det er interessant, vil gjerne ha ei viss oversikt og prøver å følga med når det skjer noko nytt.

Den siste månaden har det verkeleg kome ei spennande nyheit! Eit fragment av eit gamalt manuskript med ord frå Jesus blei publisert i ein vitskapleg skriftserie i slutten av august 2023. Det er eit papyrus-fragment som skal vera frå slutten av 2. hundreår eller byrjinga av 3. hundreår. Uansett er ei datering til 100-talet eller 200-talet så tidleg at det vekker oppsikt.

Fragmentet kjem frå eit stort funn av gamle manuskript på papyrus i Oxyrhynkhos i Egypt. Funnet blei gjort for over hundre år sidan, men var så omfattande at forskarar framleis arbeider med å dokumentera og publisera det som blei funne. Akkurat dette fragmentet har fått namnet P.Oxy. 5575. Innhaldet korresponderer med tekstar frå Matteus og Lukas i NT, og frå det apokryfe Thomasevangeliet.

Det finst sjølvsagt mange fagbøker om nytestamentleg teksthistorie. Men det er også populærfagleg stoff om temaet på norsk. Dersom du er interessert i å lesa om funn av tidlege kristne manuskript og om historia fram mot vårt NT, vil eg spesielt anbefala Hans Johan Sagrusten si bok Det store puslespillet frå 2014, og oppfølgingsboka Det store puslespelet II som kom i 2016. I den første boka skriv han om funnet i Oxyrhynkhos på ein engasjerande måte (side 73 ff). Men han kunne sjølvsagt ikkje då skriva om fragmentet som blei publisert først nå nyleg.

Når det gjeld dette nye fragmentet vil eg anbefala ein nøktern artikkel av Michael W. Holmes. Han meiner at det er unikt og eit av dei aller eldste vitne til tidlege kristne dokument. Han har også med bilde og ei engelsk omsetjing av teksten på fragmentet.

What´s the Big Deal about a New Papyrus with sayings of Jesus?

A second-century date for a new Greek fragment with gospel material makes it unique among papyri.

Michael W. Holmes på textandcanon.org

Elles: Utgivinga fekk raskt mykje merksemd på grunn av The Daily Beast samtidig la ut den omfattande og noko meir sensasjonsprega artikkelen Scholars Publish New Papyrus With Early Sayings of Jesus.

Og til slutt: Her er boka med publiseringa av P.Oxy. 5575.

Design a site like this with WordPress.com
Kom i gang