Bibelhistorier: Jesu dåp

Frå Qasr al-Yahud over mot den jordanske sida. Foto: Arne Berge 2012

Jesus blei døypt i Jordanelva av døyparen Johannes. Han opplevde sjølv at dette var noko som måtte skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til oppdraget hans.

Bildet er tatt på den tradisjonelle dåpsstaden nær Jeriko på Vestbreidda. Staden heiter Qasr al-Yahud (og på jordansk side Al-Maghtas). Det er mogleg å gå ned til elva og vassa i det sterkt forureina vatnet, på begge sider av elva. I dag inneheld visstnok elva bare 2 % vatn i forhold til vassmengda for 60 år sidan! Det neste bildet frå 1894 viser elva i ei tid då den var mykje større.

Jordanelva 1894. Foto: The New York Public Library

Her er historia slik den står i Evangeliet etter Matteus:

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Matt 3,13-17, bibel.no

Bibelhistoria fortel at Den heilage ande konkret kom over Jesus og at Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Éin mogleg måte å forstå bibeltekstane på, er at det bare var Jesus og Johannes som høyrde dette. Og at andre som var til stades, kanskje bare såg dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde ikkje Guds røyst. Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Er det ein samanheng mellom denne dåpshandlinga og den kristne dåpen me har i kyrkja? Det er vanleg å seia at Jesu dåp peiker fram mot hans død og oppstode, mens vår dåp byggjer på Jesu død og oppstode.

Eg las ein gong ein artikkel i den israelske avisa Haaretz (2014) med denne interessante tittelen: Baptism in the River Jordan. Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water. Avisartikkelen legg blant anna vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skreiv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av mange trussamfunn. Eg er dessverre redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. Samtidig forstår eg godt at udøypte som vil bli døypt, om mogleg gjerne vil ha dåp i denne elva der Jesus blei døypt.

For meg betyr det likevel mest å sjå på elva som stad for døyparen Johannes sin aktivitet og for Jesu dåp. Elva er òg viktig i fleire tekstar i Den hebraiske bibelen (GT). Sjå notatet Jordanelva som symbol.

Dessutan minner Jesu dåp meg på min eigen kristne dåp, og på tydinga av den. Eg har derfor som prest praktisert dåpspåminning her ved og i elva, når eg har vore reiseleiar for grupper av kristne frå Norge.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. Det nye testamentet  gir ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Det er i dag (minst) to såkalla dåpssstadar i dette området; i tillegg til Qasr al-Yahud er det også ein stad som heiter Yardenit som ligg rett sør for Gennesaretsjøen. Av desse har eg helst besøkt Qasr al-Yahud. Eg opplever at staden er meir autentisk (geografisk) enn Yardenit.

Møtet mellom Jesus og døyparen Johannes er med i alle dei fire evangelia. Men me kan merka oss at evangelisten Johannes (altså ikkje døyparen), ikkje spesifikt nemner at Jesus blei døypt. Han er meir opptatt av at døyparen her peiker på kven Jesus er:

29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.» 32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»

Joh 1,29-34, bibel.no

Bibelhistoria om Jesu dåp er preiketekst på 2. søndag i openberringstida 2026 (1. rekke) og også ein del av forteljingsteksten denne dagen i kyrkjeåret. Oppdatert 2026.

Relaterte notat:

Dette bloggnotatet om Jesu dåpsstad blei først publisert i 2016. Nå er det oppdatert og republisert i 2026.

10 på topp i 2025 om bibelsk arkeologi, historie og geografi

Eg ønsker lesarane av bloggen godt nytt år 2026 med å dela Todd Bolens innhaldsrike lister på BiblePlaces.com over interessant stoff i 2025 om bibelsk arkeologi, historie og geografi. Her er det mykje å bla seg gjennom for den som er interessert!

Top 10 Discoveries of 2025

Design a site like this with WordPress.com
Kom i gang