Vandring langs Jesus Trail

Notat frå Jesus trail I

Jesus tok ikkje bussen. Korfor skulle me gjera det?

Eit hovudmål for Inger og meg under ferien i Galilea, var bokstavleg talt å vandra i Jesu fotspor langs den merka løypa Jesus Trail frå Nasaret til Kapernaum. Dette er ein firedagars fottur som tar utgangspunkt i Matt 4,13 der det står at Jesus flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum.

Jesus Trail går gjennom småbyar, landbruksområde, skog og hei, over fjell og ned ein markert dal. Mange stadar går me på det me her i Norge ville kalla ein traktorveg, andre stadar på gode stigar. Det er stort sett lett å finna fram, for løypa er godt merka.

Sjå kart over turen her.

Sjå heimesida til Jesus Trail her.

Eg går gjerne denne turen igjen. Men aldri meir i august! Me var for så vidt klar over kva me gjorde; alle som gir råd om å gå fotturar i Israel, vil seia at ein må unngå den varmaste årstida. Då me likevel viste at me hadde tenkt å gjennomføra dette, fekk me følgjande råd som me så langt som mogleg prøvde å følgja:

  1. Start seinast kl 6 om morgonen og gå til ca kl 10. Ta ein lang pause, ca 5-6 timar, og gå resten av turen seint på ettermiddagen.
  2. Ta med minst 3 liter vatn kvar i sekken. Fyll opp undervegs når det er mogleg.
  3. Følg med på koss kroppen reagerer og stopp når det er nødvendig.

Det er jo umogleg å seia akkurat kvar Jesus gjekk. Jesus Trail følgjer i nokre tilfelle dei mest naturlege fara i terrenget, andre stadar går løypa over fjell med flott utsikt og innom interessante stadar i området.

Eg kjem sikkert tilbake med bilete og notat frå enkelte stadar undervegs. Men her er nokre glimt frå kva me var innom:

Dag 1:

  • Turen starta i Nasaret, den største arabiske byen i Israel. Eit naturleg utgangspunkt er Fauzi Azar Inn. Nasaret ligg i eit fjellområde og det er mange bakkar. Jesus Trail følgjer ein veg som eigentleg er ei trapp (ca 400 trinn) opp gjennom den gamle bydelen.
  • Midtvegs første dag kom me til Zippori. Her er det ein nasjonalpark med utgravingar etter ein viktig gresk-romersk by som blei bygd på Jesu tid. Det er mange som tenkjer seg at Josef (og kanskje også Jesus) var bygningsmann her.
  • På ettermiddagen gjekk me gjennom Mash’had, ein liten arabisk by som tradisjonelt er identifisert med Gat-Hefer (2. Kong 14,25), profeten Jona sin fødestad.
  • Målet for denne dagen var Kana, staden der Jesus gjorde vatn til vin (Joh 2,1 ff). Den fransiskanske kyrkja ligg på staden der dette skal ha skjedd. Gjestehuset ligg like ved.

Dag 2:

  • Også i Kana startar turen med mange motbakkar til me når toppen av byen.
  • Vidare følgjer løypa eit høgdedrag til me går ned i Tur’an-dalen. Me ser byen Tur’an på avstand (biletet). Her blir det sagt at korsfararhæren i 1187 gjorde ei fatal feilvurdering som truleg førte til eit øydeleggjande tap i slaget ved Hattins Horn.
  • Me var innom geitefarmen Yarok Az som ligg nær løypa.
  • I det viktige vegkrysset Golani Junction er det vegarbeid og me måtte passera midt gjennom dette. Men fordelen var at me kunne gå innom McDonalds!
  • Vidare gjekk me forbi tydelege restar etter ein romersk veg og gjennom jordbruksområdet på Kibbutz Lavi.

Dag 3:

  • Framleis gjennom jordbruksområdet på Kibbutz Lavi.
  • Over Hattins Horn, eit vulkansk fjell med fantastisk utsikt og ei spennande historie, blant anna frå korsfarartida.
  • Innom Nebi Shu’eib, ein viktig drusisk heilagdom. Her fekk me koma inn og sjå det som skal vera Jetro si grav.
  • Til Moshav Arbel, ein jødisk landsby som ligg like ved nasjonalparken på Arbel-fjellet.
  • På ettermiddagen gjekk opp på Arbel-fjellet og såg på den fantastiske utsikta over Gennesaretsjøen.

Dag 4:

  • Me gjekk ned den markerte “Due-dalen” under Arbel-klippen. Eg ser for meg at dette er ein stad me sikkert kan rekna med at Jesus gjekk, fordi det er den mest naturlege staden å gå ned til området ved den nordvestre breidda av Gennesaretsjøen.
  • Løypa går gjennom mango-, sitrus- og banan-plantasjar på Ginosar-sletta.
  • Turen går innom Tabgha, med Brødunderkyrkja og stranda der Jesus skal ha vist seg etter oppstoda.
  • Me var innom Eremosgrotta som ligg i bakken like ovanfor Tabgha (her).
  • Målet for vandringa var Kapernaum, “Jesu eigen by”, staden som var utgangspunkt for Jesu verksemd. Turen enda i den moderne kyrkja som er bygd over Peters hus. Ei god kjensle av å vera framme ved målet senka seg over oss!

Sjå alle notat frå turen:

7 svar til Vandring langs Jesus Trail

  1. Arne Berge seier:

    Hei Venke. Det er kjekt å høyra at dokker skal ta turen nå i september. Eg svarer her på ein kommentar som står under sida “Om bloggen”. Du spør om fottøy og kva slags terreng det er. Eg gjekk på relativt lette fjellstøvlar, kona mi Inger gjekk på gode joggesko. Eg meiner det held med joggesko, men eg trivst så godt med støvlane mine at eg nok ville brukt dei igjen. Terrenget er stort sett veldig lett; mykje grusvegar og elles gode stiar. Det er tørt overalt. Passerer bare eit par gonger rennande vatn. Dokker må avgjera kor vanskeleg løype dokker vil gå ned frå Arbelfjellet til Ginosarsletta. Her er det fleire løyper å velja mellom. Det treng ein ikkje bestemma seg for, før ein er på staden. Me gjekk opp på fjellet på ettermiddagen etter ankomst til Arbel og gjekk neste dag grønn løype ned i Duedalen og vidare til Wadi Hamam. Helsing Arne

  2. […] Vandring langs Jesus trail […]

  3. […] I. Vandring langs Jesus trail […]

  4. […] I. Vandring langs Jesus trail […]

  5. […] Dersom du går fotturen Jesus trail, er Zippori National Park ein naturleg stad for lunchpause første dag, mellom Nasaret og […]

  6. […] i haust, og har absolutt sansen for denne måten å oppleva landet på. Forrige fottur er skildra her. Eg var likevel overraska over at denne vandringsløypa er løfta så høgt opp i ein slik […]

  7. […] er frå eit område eg kjenner godt frå vandringa langs Jesus trail, nær Golani Junction i Galilea. Men den tidlege våren med ei fantastisk blomstereng med valmuar, […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: