Arkeologiske utgravingar i sentrum av Nasaret

Nasaret. Foto: Arne Berge 2013

Eg kom nyleg over ein artikkel som fortel om arkeologiske utgravingar frå Jesu tid like ved Bodskapskyrkja (Basilica of the Annunciation) i sentrum av Nasaret. Ei kartskisse i artikkelen viser at den moderne kyrkja ligg der den jødiske landsbyen Nasaret låg i tidleg romersk tid. Eg syns dette er interessant fordi me her er på sporet av den landsbyen der Jesus levde det meste av livet sitt. Etter at han hadde forlate byen, blei han kalla «Jesus frå Nasaret».

Det arkeologiske arbeidet er gjort på eigedomen til Mariasenteret som ligg i bakken ovanfor Bodskapskyrkja. På bildet over vil det seia like utanfor den venstre bildekanten. Arkeologane har dokumentert funn frå nytestamentleg tid her. Det er gjort funn frå tre tidsperiodar på staden: Lag I: Korsfarartida – Mamelukktida / Lag II: Sein hellenistisk tid – tidleg romersk tid / Lag III: Jernalderen. Det er lag II som er interessant med tanke på Det nye testamentet; dette laget inneheld funn frå perioden frå ca 150 f. Kr. til ca 130 e. Kr.

Utgravingane blei gjort i perioden 2009-2011 og er eit lite prosjekt i arkeologisk samanheng. Men det er likevel viktig og interessant, ikkje minst fordi det tidlegare er gjort få arkeologiske undersøkingar i denne byen. Det stod litt om utgravingane på nettet allereie i 2009 (her), men så vidt eg veit er det nå første gong det kjem ein presentasjon i eit fagtidsskrift.

Ein skal nok vera over gjennomsnittet interessert i arkeologi for å lesa heile artikkelen. Men det går an å lesa delar av den og samtidig sjå på bilda og skissene. Artikkelen er tilgjengeleg som pdf-fil i tidsskriftet Atiqot nr 98 (2020), utgjeve av Israel Antiquities Authority. Her er deira presentasjon av artikkelen:

A small-scale excavation carried out next to the Franciscan Church of the Annunciation compound in Nazareth exposed the remains of three building strata: Stratum III, from Iron IIA–B (tenth–early eighth centuries BCE); Stratum II, from the late Hellenistic to the Early Roman period (late second century BCE–first third of the second century CE); and Stratum I, from the Crusader to Mamluk periods (twelfth–fifteenth centuries CE). The late Hellenistic to Early Roman-period dwelling incorporated a three-level complex of subterranean pits or silos. Within the pits, many potsherds were discarded, perhaps attesting to the Jewish practice of ritual defilement of ceramic vessels that were rendered impure. Similar findings were documented at other Jewish villages of the Early Roman period in Galilee. 

Eg har her omtalt staden som Mariasenteret. Det formelle namnet er The Mary of Nazareth international Centre.

Her er nokre bilde eg tok på staden i 2012:

Mariasenteret i Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Frå Mariasenteret. Foto: Arne Berge 2012
Skisser på staden. Foto: Arne Berge 2012

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.