Volrath Vogt: Det hellige Land

Stor norsk bok med historisk geografi over Israel og Palestina

img_3745I forrige veke var eg innom Norlis Antikvariat i Oslo. Der fann eg Volrath Vogt si bok Det hellige Land, utgitt i Kristiania i 1879. Dette er ei stor bok på 789 sider, med 96 illustrasjonar og 6 kart. Her er det samla imponerande mykje kunnskap, spesielt med tanke på at dette er skrive før det blei enkelt og vanleg å kunna reisa frå Norge til Midt-Austen.

Eg samlar på bøker med historisk geografi knytt til dei bibelske landskapa. Eldre bøker inneheld sjølvsagt ikkje oppdatert kunnskap. Det er likevel mange gode grunner for at eg syns det er interessant også med gamle bøker om temaet.

Volrath Vogt si bok er prega av si tid. Eit innleiande kapittel om grenser og storleik startar på denne måten:

Det Hellige Land ligger i Asia ved Bunden af Middelhavet. Det ligger kun faa Mil fra Afrika og ikke heller langt fra Europa, altsaa omtrent midt i den Del af Jorden, som var kjendt i gamle Dage.

Vogt var ein norsk teolog, lærebokforfattar og skuleleiar (“overlærer ved Kristiania Kathedralskole”). Når det gjeld kunnskapen om Det heilage landet, er det nok rett å kalla han forskar. Boka hans er omtalt (men med feil årstal) i artikkelen om forfattaren i Norsk biografisk leksikon:

Disse bibelhistoriske verkene varsler Vogts økende interesse for det hellige land. 1863 gjennomførte han en lengre forskerreise til Syria og Palestina, og her samlet han inntrykk og historiske data for sitt vitenskapelige hovedverk, Det hellige Land (1868). Boken vitner om et nøyaktig og samvittighetsfullt forskerarbeid og er preget av Vogts sedvanlige klare stil. I det korte forordet sier Vogt at det ligger 15 års arbeid bak boken, som bringer et vell av opplysninger om geografiske, historiske og sosiale forhold i Midtøsten.

Dette er ikkje ei bok eg les frå perm til perm. Men eg vil gleda meg over større og mindre avsnitt i den. Det er lett å finna fram då boka både har detaljert innhaldsliste og eit omfattande register.

Dei første 200 sidene er tematisk oppbygd. Resten, altså over 500 sider, er ei oversikt over “Byer, Landskaber, Mindesmærker m.m. i alfabetisk Orden”. Her er det oppslag på svært mange stadnamn og eit vell av interessante opplysningar.

Bilda under viser noko av innhaldslista og dei gir inntrykk av detaljrikdomen i den tematiske delen.

img_3747

img_3748

Det neste bildet viser Vogts “Liste over Bogens 99 Billeder og 6 Karter”.

Spesielt karta i boka er interessante. Nokre av dei er på utbrettsark. Vogt teikna faktisk fleire av karta sjølv. Eg tar med kartet hans over Jerusalem “fra Kristi Tid indtil forstyrrelsen ved Titus”.

img_3751

img_3750

Sjølv om Det hellige Land blir rekna som Vogts hovudverk, er det ikkje denne boka han er mest kjent for. Han skreiv ei kort bibelhistorie som første gong blei gitt ut i 1858. Då eg gjekk på barneskolen i Stavanger på 1960-talet, var “Vogts Bibelhistorie” framleis i bruk! Bildet under viser boka eg sjølv fekk i kristendomsundervisninga på Våland skole.

Flere generasjoner norske skoleelever fikk gjennom et helt århundre et møte med “Vogts bibelhistorie” og fikk dermed oppleve denne bibelfortellingens mester på en måte som skapte gjenklang i sinnet. Det er dette Volrath Vogt først og fremst blir husket for.

Bibelhistorie

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: