Eremos

6a00d8341cb87053ef00e54f68dc2d8833-640wi

På veg ned mot Tabgha. Foto: Arne Berge 2006

Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk følgde etter han. (Matt 8,1).

Turen ned desse bakkane mot Gennesaretsjøen gir verkeleg opplevinga av å gå i Jesu fotspor. Her er me i det området der mange av dei kjente bibelforteljingane finn stad. Like i nærleiken ligg restane etter Kapernaum, Jesu eigen by (Matt 4,12 og 9,1).

Etter Det nye testamentet sin språkbruk er me her «på fjellet»! Biletet over viser ein del av den gruppa eg nyleg var saman med i Israel, då me gjekk ned bakkane frå Saligprisingsfjellet (Mount of Beatitudes) mot Gennesaretsjøen. Dette er altså den staden som kristen tradisjon blant anna knyter til Bergpreika (Matt 5-7). Høgdedraget har fått namnet Eremos, eit gresk ord som betyr ein aud stad. Sjølv om eg som nordmann har problem med å kalla dette eit fjell, må eg seia at det er ein utruleg vakker stad med ein flott utsikt!

Eremosgrotta

Eremosgrotta. Foto: Arne Berge 2006

Eit stykke nede i bakken, men likevel høgt og fritt over sjøen, ligg ei naturleg grotte der det går an å finna skygge. Grotta blir i dag kalla Mughara Ayub. Det er ikkje usannsynleg at akkurat denne grotta kan knytast til den kristne tradisjonen og til dei mange tekstane som handlar om at Jesus trakk seg tilbake i fjellet for å vera åleine og be.

Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han. Simon og dei som var med han, skunda seg etter, og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg!» Men han svara: «Lat oss fara vidare til småbyane her omkring, så eg kan forkynna der òg. Det er difor eg er komen.» (Mark 1,35-38).

Det er sjølvsagt vanskeleg å lokalisera slike tekstar nøyaktig i historisk forstand. Eg vil likevel peika på denne tankegangen som kanskje kan seia noko om ein samanheng mellom bibeltekstane og området rundt grotta:

  1. Evangelia knyter i fleire tilfelle saman tekstar om Jesu bøneliv på ein aud stad med tekstar om verksemda hans i nærleiken av Kapernaum.
  2. Det var ei forsamling av Jesustruande jødar i Kapernaum i dei første hundreåra etter Jesu tid. Desse heldt truleg fast på kunnskapen om kvar i området ulike episodar i Jesu liv hadde skjedd.
  3. Den kristne pilegrimen Egeria reiste i dette området ca år 383 og oppsøkte stadane som dei lokale truande knytta til Jesu liv. Ho har skrive ei av dei eldste pilegrimsreise-skildringane som finst. Ho fortel blant anna om ei grotte i nærleiken av Kapernaum og knyter den til saligprisingane.
  4. Grotta er frå naturen si side ein behageleg og skyggefull stad i eit elles ope landskap. Dersom Jesus verkeleg oppheldt seg mykje i dette området, vil grotta vera ein naturleg kvilestad.

Her er eit utdrag frå ein annan bibeltekst som kan knytast til dette området og som fortel om Jesu behov for å vera for seg sjølv:

Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein aud stad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk vita det, og dei kom etter han til fots frå byane. (Matt 14,13)

(…)

Straks etter fekk Jesus disiplane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be. Då det leid til kvelds, var han der åleine. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. (Matt 14,22-25)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: