Utsikt frå Hattins horn

03/04/2017

Bilde #10 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 388

Dette bildet viser utsikta frå Hattins horn mot Arbel og Gennesaretsjøen.

Den store og åpne dalen framfor oss heiter Arbeldalen. Landsbyen Moshav Arbel ligg på høgda i bakgrunnen, i bakkene opp mot Arbelfjellet (på høgre side av den markerte og bratte dalen). Gennesaretsjøen er så vidt synleg i bakgrunnen.

Frå Hattins horn går pilegrimsløypa Jesus trail går ned til jordbruksområdet som me ser. Før me kjem dit passerer me ein drusisk heilagdom. Stien går til venstre for dette jordbruksområdet og ned Arbeldalen. Vidare går turen opp til Moshav Arbel, der ein kan overnatta i gode gjestehus.

Etter overnattinga i Moshav Arbel kan ein velga om ein vil gå over Arbelfjellet eller ned Duedalen, den markerte dalen i bakgrunnen på bildet. Eg har gjort begge delar, og kjem tilbake med bilde frå desse stadane seinare i bildeserien.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana
  7. Turutstyr på Jesus trail
  8. Jesus på fjellet Hattins horn?
  9. På Hattins horn

 


Arbelfjellet

09/10/2012

Notat frå Jesus trail V

Det er ei fantastisk utsikt over Gennesaretsjøen frå Arbelfjellet i Galilea. På biletet ser eg ned på Ginosarsletta. I bakgrunnen ser me området som er spesielt knytt til Jesu liv, langs den nordvestre delen av sjøen. Her ligg Kapernaum, “Jesu eigen by”, målet for fotturen langs Jesus trail som Inger og eg gjekk i sommar.

Det er flatt landskap oppe på fjellet. Utsikta er flott i alle retningar. Toppen av Arbelfjellet ligg 181 moh. Gennesaretsjøen ligg ca 200 muh, altså nesten 400 meter lågare. Fjellet er i dag eit naturreservat (her).

Inger og eg gjekk opp på fjellet om ettermiddagen frå Moshav Arbel, der me overnatta på Arbel Guest House. Neste morgon følgte me grønmerka sti frå gjestehuset ned Duedalen og gjekk vidare ned mot Gennesaretsjøen.

På Jesu tid var det ein by på fjellet. Her budde det folk frå 2. hundreår f Kr til 8. hundreår e Kr då byen truleg blei øydelagt i jordskjelv. Det finst ein interessant utgraving av ein synagoge frå 300-talet her. Biletet av synagogen er tatt i morgonlys ca kl 6 då me var på veg ned mot Duedalen (som viser godt på biletet).

Med tanke på at dette fjellet ligg i området Jesus vandra rundt, er det naturleg å sitera bibelvers som dette:

Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. (Matt 9,35)

I klippene i Arbelfjellet ligg det mange grotter. Her gjekk det an å skjula seg i vanskelege tider. Me kan lesa detaljerte (og grusomme) skildringar av dette hos Josefus. Men staden har ei enda lenger historie. Arbel er nemnt i samband med makkabearane ca 160 f. Kr i 1. Makkabearbok 9,2  (Arbela) og i GT hos profeten Hosea i Hos 10,14 (Bet-Arbel).

Sjå andre notat frå turen:


%d bloggarar likar dette: