Bryllaupskyrkja i Kana

Bilde #6 frå vandringa på Jesus trail

Den fransiskanske bryllaupskyrkja i Kana

Den arabiske byen Kfar Kana i Galilea er tradisjonelt rekna som staden der Jesus gjorde vatn til vin i «bryllaupet i Kana». Den kristne minoriteten i byen er svært stolt over denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet.

Bildet viser den fransiskanske Bryllaupskyrkja i Kana. Det er tatt frå terrassen på Cana Wedding Guest House, ein naturleg overnattingsstad på vandringa på Jesus trail.

I kyrkja møter me både ein lokal kyrkjelyd og mange tilreisande. Det er faktisk mange som kjem hit for å gifta seg. Det er også mange ektepar som fornyar ekteskapsløfta sine i eller utanfor kyrkja.

Bryllaupskyrkja er litt over 100 år gamal og bygd på ein gamal kyrkjestad. Den skal vera ein kopi av katedralen i Salzburg i Østerrike, bygd slik på grunn av ein prest frå Salzburg som gjorde teneste i Kana då kyrkja blei bygd. Dei to kyrkjetårna skal i følgje Jacob Firsel i boka Go to Galilee symbolisera brud og brudgom. Og kuppelen? Jo, den symboliserer den evige kjærleiken mellom dei to. Altartavla i kyrkja har sjølvsagt også motiv frå bryllaupet der Jesus var gjest.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Advertisements

9 Responses to Bryllaupskyrkja i Kana

  1. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

  2. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

  3. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

  4. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

  5. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

  6. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

  7. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

  8. […] Bryllaupskyrkja i Kana […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: