Bryllaupskyrkja i Kana

25/01/2017

Bilde #6 frå vandringa på Jesus trail

Den fransiskanske bryllaupskyrkja i Kana

Den arabiske byen Kfar Kana i Galilea er tradisjonelt rekna som staden der Jesus gjorde vatn til vin i «bryllaupet i Kana». Den kristne minoriteten i byen er svært stolt over denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet.

Bildet viser den fransiskanske Bryllaupskyrkja i Kana. Det er tatt frå terrassen på Cana Wedding Guest House, ein naturleg overnattingsstad på vandringa på Jesus trail.

I kyrkja møter me både ein lokal kyrkjelyd og mange tilreisande. Det er faktisk mange som kjem hit for å gifta seg. Det er også mange ektepar som fornyar ekteskapsløfta sine i eller utanfor kyrkja.

Bryllaupskyrkja er litt over 100 år gamal og bygd på ein gamal kyrkjestad. Den skal vera ein kopi av katedralen i Salzburg i Østerrike, bygd slik på grunn av ein prest frå Salzburg som gjorde teneste i Kana då kyrkja blei bygd. Dei to kyrkjetårna skal i følgje Jacob Firsel i boka Go to Galilee symbolisera brud og brudgom. Og kuppelen? Jo, den symboliserer den evige kjærleiken mellom dei to. Altartavla i kyrkja har sjølvsagt også motiv frå bryllaupet der Jesus var gjest.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Advertisements

Vatn og vin; bryllaupet i Kana

15/01/2011

Notat til søndagens tekst: Joh 2,1-11

Historia om at Jesus gjorde vatn til vin, er ei forteljing som skil seg ut i NT. Dette var i følgje Johannesevangeliet det første teiknet han gjorde og han «openberra sin herlegdom» gjennom dette. Forteljinga er preiketekst i kyrkjene denne helga.

Oppdatering 2012: Omsider har eg vore i Kana! Les her om besøket i Kana sommaren 2012 då eg gjekk The Jesus trail: Å koma til Kana.

Her på bloggen kan du finna tidlegare notat relatert til teksten:

  • Frå vatn til vin. Ei preike over teksten der eg brukar mykje stoff frå den danske diktarpresten Kaj Munk. Preika inneheld blant anna noko om kva det vil seia at underet er eit teikn.
  • Bryllaupet i Kana. Eit notat der eg blant anna skriv om uttrykket den tredje dag og stiller spørsmålet om kven som kan ha vore brud og brudgom.
  • Kana i Galilea. Eit notat der eg refererer til arkeologiske funn som viser at byen Kana har røter tilbake til kong Salomo si tid på 900-talet f. Kr.

Bryllaupet i Kana

06/01/2010

Notat til dagens tekst: Joh 2,1-11

Forteljinga om at Jesus gjorde vatn til vin, er på mange vis ein underleg bibeltekst. Det er mange som har strevd med tanken på at Jesus gjorde dette underet. Kva var meininga? La meg med ein gong slå fast at hovudpoenget, eller i alle høve eit viktig poeng, kjem i evangelisten si oppsummering etter at han har fortalt den gode historia:

Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin  herlegdom, og disiplane trudde på han.

Men før me kjem så langt i lesinga, vil eg gjerne stoppa ved innleiinga som skildrar kva samanheng vinunderet skjedde i:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea.

Studieutgåva av NT seier at uttrykket tredje dagen truleg skal gje assosiasjonar til Jesu oppstode, der død blir forvandla til liv, eventuelt til at dette skjedde den tredje dagen etter at Filip blei kalla (i teksten like før; 1,43). Men det er også ei anna forklaring som eg har møtt i Israel og som heng saman med hebraisk språk: Dagane heiter på hebraisk den første dagen (søndag), den andre dagen (måndag), den tredje dagen (tysdag) osv. Evangelisten seier i så fall her ikkje anna enn at bryllaupet i Kana var ein tysdag, som faktisk skal vera den vanlege bryllaupsdagen i jødisk tradisjon. Eg kan ikkje her og nå seia kva vekt denne forklaringa bør ha, men den er utan tvil eit interessant innspel.

Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne.

Desse opplysningane gjer meg sjølvsagt nysgjerrig på kven brudeparet var. Det er jo påfallande at både Jesus, mora hans og disiplane hans er gjestar, spesielt sidan dette i følgje evangelisten skjer tidleg i Jesu offentlege verksemd. Kan det ha vore ein barndomskamerat eller kollega frå oppveksten i Nasaret som gifta seg med ei jente frå Kana? Inntil nokon kjem med ein betre teori, held eg på denne.

Og her er heile teksten:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der.  Også Jesus og disiplane hans var bedne.  Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»  Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.  «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.  Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.  Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han.

Sjå også preika Frå vatn til vin der eg brukar mykje stoff frå den danske diktarpresten Kaj Munk. Preika inneheld blant anna noko om kva det vil seia at underet er eit teikn.


Frå vatn til vin

21/01/2007

I gudstenesta i dag (Bryne kyrkje 21.01.2007) preika eg over søndagens tekst frå Johannesevangeliet, forteljinga om bryllupet i Kana der Jesus gjorde vatn til vin. Som ein del av førebuinga mi, fann eg for nokre dagar sidan fram ein del litteratur om denne bibelteksten. Eg las blant anna den danske diktarpresten Kaj Munk (1898-1944) sin versjon av historia og blei så fascinert at eg ville la kyrkjelyden få del i den. Eg lét derfor første halvdelen av preika i dag vera eit utdrag frå hans preike og gjekk deretter sjølv nærere inn på nokre ord og uttrykk i teksten for så å forkynna evangeliet ut frå dette.

Preiketeksten for i dag (2. søndag etter Kristi Openberringsdag) står skrive hos evangelisten Johannes:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.» No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.» Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han. (2,1-11)

Eg vil i dag dela med dykk eit utdrag frå preikesamlinga Med ordets sverd. Her finn me den danske diktarpresten Kaj Munk si 65 år gamle preike frå 1942 over denne teksten.

Kaj Munk skriv at Jesus har glimt i auga i forteljinga om bryllupet i Kana. Det kan nok absolutt vera sant, men eg vil seia at eg syns dette fine uttrykket for god humor òg er passande for preikeformen til diktarpresten sjølv! Han maler teksten med eit glimt i auga, så historia stig levande fram for oss.

Les resten av dette innlegget »


%d bloggarar likar dette: