Å koma til Kana

Notat frå Jesus trail III

Kana er ein viktig by i Johannesevangeliet. Og det var ein stad eg aldri hadde vore, sjølv etter mange turar til Israel.

Det å koma til Kana var derfor noko eg verkeleg såg fram til då Inger og eg gjekk Jesus trail i sommar.

Det var spesielt å koma dit til fots (frå Nasaret) og flott å oppleva enda ein av dei stadane som spelar ei rolle i Bibelen. Det vil seia, det er ein diskusjon om dette er den korrekte historiske lokaliseringa av det bibelske Kana. Det kjem eg tilbake til.

Kana er i dag ein arabisk by med muslimsk og kristen befolkning. Me overnatta to netter i byen, hos det kristne ekteparet Sami og Suad som driv Cana Wedding Guest House.

Gjestehuset er ein integrert del av heimen deira. Det ligg like ved den fransiskanske bryllaupskyrkja. Kyrkjebiletet er tatt frå terrassen til Sami og Suad. Dei er sterkt knytt til denne kyrkja, som i følgje tradisjonen ligg på staden der det kjente vinunderet skjedde. Me var sjølvsagt innom kyrkja og fekk blant anna sjå steinkar og ei altartavle med motiv frå bryllaupet der Jesus var gjest.

Det er vinunderet i dette bryllaupet Kana er mest kjent for. Historia står i Johannesevangeliet kap 2:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der.  Også Jesus og læresveinane hans var bedne.  Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.»  «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»  Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.  «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.  Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.  Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.

Dei kristne i Kana er stolte av denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet. Her blir det meir enn gjerne servert Cana Wedding Wine!

Det må også nemnast at dette er ein populær stad å gifta seg. Den helga me var i Kana, var det visstnok ti bryllaup der! Og i tillegg er det mange ektepar som kjem dit for å fornya ekteskapsløfta sine.

Kyrkja er litt over 100 år gamal og bygd på ein gamal kyrkjestad. Det spesielle er at den skal vera ein kopi av katedralen i Salzburg i Østerrike. Det var ein prest frå Salzburg som gjorde teneste i Kana på denne tida! Dei to kyrkjetårna skal i følgje Jacob Firsel i boka Go to Galilee symbolisera brud og brudgom. Og kuppelen? Jo, den  symboliserer den evige kjærleiken mellom dei to.

Det eg i tillegg har blitt merksam på, er at bibelteksten om bryllaupet i Kana er ein av dei viktigaste tekstane for den katolske kyrkja i deira mariologi; deira lære om Jomfru Maria. Her viser ho si viktigaste oppgåve; å peika på Jesus og å oppfordra folk til å gjera det han seier.

Kana er i følgje Johannesevangeliet også staden for Jesu andre teikn (Joh 4,46-54) og det er heimstaden til disippelen Natanael (Joh 21,2), som tradisjonen seier er den same som Bartolomeus. Det var derfor også ei Bartolomeus-kyrkje rett i nærleiken av gjestehuset.

Når eg skriv her om Kana, er det den byen som heiter Kfar Kana eg omtalar. Dette er staden der tradisjonen plasserer det bibelske Kana. Men eg vil óg nemna at det er dei som meiner at “Kana i Galilea” låg ein annan stad, der det i dag heiter Khirbet Kana. Dette er ein ubebygd stad med romerske og bysantinske ruinar, 9 km nordvest for Nasaret.

Me overnatta som sagt to netter på gjestehuset i Kana. Første dagsetappe gjekk frå Nasaret til Kana. Neste etappe gjekk frå Kana til Kibbutz Lavi. Sonen til Sami og Suad kom og henta oss på kibbutzen om kvelden, og køyrde oss tilbake neste morgon, så me kunne fortsetja vandringa derfrå. Som dokker forstår; eit familiedrive gjestehus er ein god stad å ta inn!

Relatert stoff: Her er ei preike eg har halde over teksten om bryllaupet i Kana: Frå vatn til vin

5 svar til Å koma til Kana

  1. […] Oppdatering 2012: Omsider har eg vore i Kana! Les her om besøket i Kana sommaren 2012 då eg gjekk The Jesus trail: Å koma til Kana. […]

  2. […] Å koma til Kana […]

  3. […] III. Å koma til Kana […]

  4. […] III. Å koma til Kana […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: