Ein tur ned Nahal Amud

26/11/2018
IMG_8964 (1)

Nahal Amud. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Ein dagstur ned den vakre og ville dalen Nahal Amud i Galilea var blant planane for haustferien i år. For tre år sidan gjekk Inger og eg ein kort tur i den øvre delen av dalen, og sidan har me snakka om å gå ein lengre dagstur i denne området. Sjå det tidlegare notatet Ein smakebit av Nahal Amud.

I slutten av oktober gjekk me turen frå naturreservatet i området vest for Safed (ca 600 moh) ned til Ginosarsletta ved Gennesaretsjøen (ca 200 muh), ein tur på ca 20 km. Stien er ein del av Israel National Trail (INT). Det er god sti det meste av strekninga, men det viste seg at det også er eit stykke som er meir krevjande i bratt terreng.

IMG_8962 (1)

Nahal Amud. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Me fekk hjelp av venner i Tiberias som køyrde oss opp til den øvre delen av dalen, der Israel Nature and Parks Authority har parkeringsplass med informasjonskiosk. Me kom dit kl 09.30, og blei møtt med ein viss skepsis sidan me ikkje starta tidlegare på morgonen. Han me snakka med, meinte at turen ned mot Gennesaretsjøen ville ta ni timar! I så fall ville me ikkje vera framme før mørkret kom. Me starta likevel, for me visste at me skulle kryssa ein trafikkert veg (veg 85) i løpet av turen, og at me dermed kunne slutta av der om det blei nødvendig.

Etter eit par timar møtte me andre som gjekk den same ruta. Dei første me trefte, var tre israelske ungdomar som var på ei vekes tur langs INT. Då me spurde om dei hadde vore her før, kunne dei bekrefta det. Dei hadde gått ned Nahal Amud på speidartur då dei var litt yngre. Seinare på dagen møtte me ei tysk dame som gjekk åleine og tre russiske ungdomar.

Det blei heldigvis ikkje nødvendig å avslutta turen då me kryssa veg 85. Det vil seia, kryssa er vel ikkje det rette ordet. Vegen har motorveg-standard og går på ei stor bru over dalen. Me kunne følga stien under vegen.

Me var glade for å få med oss også den nedre delen av dalen. Terrenget var lettare der, og det var mykje flott å sjå. For eksempel dette fargespelet i fjellveggen i den låge ettermiddagssola:

Frå nedre del av Nahal Amud. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Og i dei siste strålane av dagslys passerte me den 20-30 meter høge steinstøtta (HaAmud) som har gitt namn til heile dalen. Steinstøtta er lett tilgjengeleg, den står ved stien ca 300 meter nord for vegen frå Ginosarsletta til Kibbutz Huqoq.

HaAmud i kveldslys. Foto: Arne Berge 2018

Me brukte 7,5 timar på turen og kom fram til vegen til Kibbutz Huqoq 10 minutt etter solnedgang. Så gjekk me i mørkret langs denne vegen ut til Ginosarsletta (veg 90) og tok buss derfrå tilbake til Tiberias.

Me var nær, men ikkje innom Kibbutz Huqoq. Sidan eg nå har nemnt dette stadnamnet, kan eg til slutt ta med at staden Hukkok er nemnt i Bibelen, i Jos 19,34. Eg kan gjerne tenka meg ein tur dit ein gong, for det er dei seinare år gjort svært interessante arkeologiske funn der, av mosaikk i ein synagoge frå bysantisk tid.

Advertisements

I Jesu fotspor, mai 2017

06/07/2016

Galilea 2012 301

Vil du vera med på pilegrimsvandring i Jesu fotspor i Galilea og i Jerusalem? Inger og eg skal vera reiseleiarar på ein tur 20.-27. mai 2017.

Du finn turprogram, reisefakta, pris og informasjon om påmelding her:

I Jesu fotspor. Pilegrimsvandring i Galilea og Jerusalem.

Her er innleiinga frå turbrosjyren:

Dette blir ein tur prega av friluftsliv og bibelhistorie. Me vil bokstavleg talt vandra i Jesu fotspor i Galilea og i Jerusalem. Samtidig vil turen gje oss innblikk i både jødisk og arabisk kultur og historie.

Pilegrimsvandringa i Galilea går frå Nasaret til Magdala ved Gennesaretsjøen. Fotturen følgjer den merka ruta Jesus trail som er inspirert av at Jesus gjekk mykje i dette området (sjå f.eks Matt 4,12-13 og Joh 2,11-12). Undervegs er me innom flotte kulturhistoriske stadar og går over høgder med fantastisk utsikt. Me bur i ulike kulturelle samanhengar, både hos jødar og arabarar. Overnattingane blir dels på gjestehus, dels på hotell.

Dette er ein tur der me brukar beina meir enn bussen. Deltakarane må derfor vera i normalt god form og ha interesse for å gå til fots, både i Jerusalem og i naturen i Galilea. Dagsetappane blir opp mot 20 km lange. Me får transport av bagasjen frå overnattingsstad til overnattingsstad under fotturen. Me kan rekna med varmt ver, og må passa på å bera med oss nok vatn for kvar dag.

Her kan du lesa det eg tidlegare har skrive om Jesus trail.

Det neste bildet viser den flotte utsikta frå Oljeberget mot bymuren og tempelplassen, med Vest-Jerusalem i bakgrunnen.

IMG_8802


CNN løftar fram Jesus trail

12/09/2013

Det er interessant å sjå kva som er med på CNN si liste over 10 things to know before visiting Israel, the West Bank and Gaza. 

I eit avsnitt om fotturar blir faktisk Jesus trail nemnt, framfor det faktum at Israel National Trail går frå nord til sør i landet!

Eg skal sjølv gå Jesus trail på ny seinare i haust, og har absolutt sansen for denne måten å oppleva landet på. Forrige fottur er skildra her. Eg var likevel overraska over at denne vandringsløypa er løfta så høgt opp i ein slik samanheng:

8. Countryside walks are fantastic

The West Bank is crisscrossed by walking trails. Many are devoted to nature, some — such as Birzeit’s Sufi Trails — to culture.

One of the best is the Abraham Path, linking the Palestinian cities of Nablus, Bethlehem and Hebron in a two-week trek. It’s also manageable in shorter day-stages, with overnight stops at homestays and rural guesthouses.

Israelis have a long tradition of nature tourism, centered on national parks, wildlife reserves and forest walks, including the stunning Jesus Trail, which coils through the hills above the sparkling Sea of Galilee.

Visitors can plug into Israel’s network of «zimmers» — rural B&Bs ranging from farm stays to exclusive country retreats.


Oppdateringar, Jesus trail 2013

22/03/2013

Det har kome nokre oppdateringar frå dei som driv og vedlikeheld turløypa Jesus trail i Galilea. Dette er viktig informasjon for meg; eg har planar om å gå Jesus trail på ny seinare i år. Og eg veit at nokre andre som les denne bloggen, også har slike planar.

Den viktigaste informasjonen er nok at ruta er lagt om i området rundt Kibbutz Lavi.

Sjå Trail Updates: Spring 2013.


%d bloggarar likar dette: