Klar for vandring i Galilea

Bilde #1 frå vandringa på Jesus trail

galilea-2012-159Dette bildet er tatt tidleg på morgonen i Gamlebyen i Nasaret. Eg er klar for å legga ut på fire dagars fottur langs turløypa Jesus trail frå Nasaret til Kapernaum. Bildet er frå 2012 då Inger og eg gjekk denne turen i Galilea for første gong.

Eg startar nå ein bildeserie frå Jesus trail. Ved å følga med på bloggen i vekene som kjem, får du eit inntrykk av dei mange varierte opplevingane ein slik tur kan gje.

Det nye testamentet fortel at Jesus vandra mykje i dette området. Jesus trail tar oss ut i dette landskapet samtidig som løypa går innom jødiske og arabiske landsbyar, gamle arkeologiske utgravingar og flotte utsiktspunkt i naturen.

Samtidig blir bildeserien ein opptakt til den neste turen me arrangerer langs Jesus trail i mai 2017. Her kan du lesa meir om turen: I Jesu fotspor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: