Jesus på fjellet Hattins horn?

18/03/2017

Bilde #8 frå vandringa på Jesus trail

Konstruksjon med bibelsitat, Hattins horn 2012

Bildet er tatt i bakkane opp på Hattins horn i Galilea. Eg kjenner ikkje historia til desse murane, men eg har forstått at det på 1800-talet var relativt vanleg å seia at Jesus heldt Bergpreika på dette fjellet. Murane var truleg ikkje reist i 1863, då den norske skuleleiaren Volrath Vogt reiste i området. Han skreiv seinare om tradisjonen som knytte Jesus til staden, utan å omtala byggverket.

På muren står det ein tekst frå Markusevangeliet, på hebraisk og gamal engelsk:

Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. (Mark 3,13)

Det at dette skjedde på “fjellet”, har ei viss teologisk tyding. Det er mange viktige bibelske hendingar som skjer til fjells. Men det er ikkje mogleg å seia kva fjell det skjedde på. Teksten frå Mark 3 om kallinga av disiplane fortel elles om ei anna hending enn den såkalla Bergpreika. I dag blir gjerne Bergpreika knytt til den katolske eigedomen på “Mount of Beatitudes”, eit høgdedrag nær Gennesaretsjøen.

Den merka pilegrimsruta Jesus trail går over Hattins horn, på dag 3 frå Kibbutz Lavi til Moshav Arbel. Stien passerer murkonstruksjonen på bildet. Denne må vera bygd av kristne som knytte Jesus til dette fjellet. Dette blir etter mitt skjøn spekulasjon, sjølv om Jesus heilt opplagt må ha vore godt kjent i området. Når han gjekk mellom Nasaret og Kapernaum, var Duedalen den mest naturlege vegen å gå i bakkane på vestsida av Gennesaretsjøen. Då var han ikkje langt frå Hattins horn.

Mange bibelske tekstar kan meir eller mindre sikkert knytast til kjende stadar. Eg syns det er interessant å oppsøka desse stadane. Men eg syns også det er interessant å sjå koss folk har lokalisert bibeltekstar når det ikkje er haldepunkt for dette. På Hattins horn har ei slik lokalisering blitt festa til staden gjennom ein fysisk konstruksjon ute i terrenget. Likevel er det få kristne pilegrimar som oppsøker dette fjellet, som eigentleg bare er eit høgdedrag, når dei er på reise i Israel.

Eg har skrive om Hattins horn før (her og her). Nå har eg nyleg kome over litt meir informasjon om den gamle tradisjonen som knyter Jesus til staden.

Den nemnte Vogt skreiv nøkternt om dette “sagnet”:

Hornene ved Hattin. Saa kaldes, efter Byen Hattin i Nærheden, to “Horn” eller Bjergknauser, som hæve sig 60 Fod op af en Slette, der ligger omkring 1100 Fod over Gennesarets Sø og 500 over Havet. De kaldes ogsaa Salighedernes Bjerg, da efter Sagnet Jesus derfra holdt Bjergprædikenen, hvis 9 første Vers begynde med : “Salige ere”. Da Sagnet først omtales af Brocardus (1283), er det rimeligvis opkommet blandt Latinerne under Korstogene. Det godkjendes ikke af den græske Kirke.

Fotnote til opplysningen om Brocardus: Brocard. 4,7

Volrath Vogt: Det hellige land. Kristiania 1879. Side 28 (les om boka her)

Elles har eg funne ein omtale av tradisjonen i ei original (men ikkje vitskapleg) bok frå 2009. Denne boka argumenterer faktisk for at Jesus heldt Bergpreika på Hattins horn!

Before the Church of the Beatitudes was built in 1938, most Christians considered the Horns of Hattin to be the place where Yeshua (Jesus) taught the Avinu Prayer (Fadervår) as part of the Sermon on the Mount. A traveler who visited the Horns of Hattin in 1905 referred to it matter-of-factly as the “mountain or hill … known to the pilgrims as the Mount of the Beatitudes.” Even the Catholic Encyclopedia, published in 1913, identifies the Horns of Hattin as the traditional Christian site of the Sermon on the Mount. For generations, Christian pilgrims used to walk to the Horns of Hattin from Tiberius …

Gordon and Johnson: A Prayer to Our Father. Hebrew Origins of the Lords Prayer. Side 76.

(Boka har fotnotar med referansar til tekstane frå 1905 og 1913. Eg har sjølv lagt til parentesane som forklarar dei hebraiske orda i teksten.)

20.-27. mai 2017 skal eg saman med Inger (kona mi) vera reiseleiar for ei gruppe som går Jesus trail. Det er framleis nokre få ledige plassar på turen, som blir arrangert av Plussreiser. Sjå informasjon her: I Jesu fotspor.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana
  7. Turutstyr på Jesus trail

%d bloggarar likar dette: