Opp mot Arbelfjellet

04/05/2017

Bilde #12 frå vandringa på Jesus trail

På veg opp mot Arbelfjellet.

Dette bildet viser den gode stien og den vakre naturen på veg opp mot Arbelfjellet. Dette er ein del av den merka løypa Jesus trail, som går frå Nasaret til Kapernaum.

Den djupe dalen til venste heiter Duedalen. Den går ned til Ginosarsletta ved Gennesaretsjøen. Turgruppa på bildet er på veg opp på fjellet, og skal så gå ned ein bratt sti til Duedalen. Det er også mogleg å følga dalen direkte nedover mot Gennesaretsjøen.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana
  7. Turutstyr på Jesus trail
  8. Jesus på fjellet Hattins horn?
  9. På Hattins horn
  10. Utsikt frå Hattins horn
  11. Jetros grav i Galilea

Duedalen i Galilea

03/12/2012

Notat frå Jesus trail VI

Turen på stig ned Duedalen frå Moshav Arbel til Ginosarsletta ved Gennesaretsjøen var eitt av dei mange høgdepunkta på fotturen vår langs Jesus trail i sommar. For ein snau månad sidan gjekk eg denne delen av Jesus trail på ny og hadde også då ei fin oppleving av staden.

Frå Duedalen 2012. Foto: Arne BergeDuedalen er godt synleg frå Gennesaretsjøen og frå Ginosarsletta. Den ligg rett under det markerte Arbelfjellet. Biletet under viser dette fjellet frå sjøen. Det mindre fjellet i midten av biletet er Nitaifjellet. Duedalen forsvinn innover mot venstre mellom desse fjella.

Arbelfjellet og Duedalen sett frå Gennesaretsjøen. Foto: Arne Berge 2012I tidlegare tider var denne dalen ein naturleg og viktig ferdselsveg mellom områda nord for sjøen, der Kapernaum ligg, og områda lenger vest i Galilea, der Nasaret og Kana ligg. Det er altså freistande å gjenta det eg med entusiasme har skrive minst éin gong tidlegare: Her gjekk Jesus! (her)

Nå er det nok slik her som så mange andre stadar; 2000 år med slam frå elva, steinras frå fjellsida og generell naturleg kompostering i naturen gjer at stigen i dag neppe ligg på same nivå som på Jesu tid. Men eg reknar med at den går på omtrent same staden. Det er rett og slett ikkje så mange alternativ.

Eg tar med eit par bibelsitat om Jesu vandringar i dette området:

Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea. Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land. (Matt 4,12-13)

Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han. Sidan drog han ned til Kapernaum saman med mor si, brørne sine og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar. (Joh 2,11-12)

Galilea 2012 491 rStigen passerer landsbyen Wadi Hamam nedst i dalen. Staden har sidan 1948 vore befolka av beduinar og har ca 1300 innbyggjarar. Eg reknar med at det er ei lenke mellom dette (arabiske?) bynamnet og namnet Duedalen. George Adam Smith skreiv: «On the Wady el-Hamam, which, true to its name, shelters numberless wild blue-grey doves …» (The Historical Geography of the Holy Land,  fotnote side 289). Er det nokon arabiskkyndige som kan bekrefta dette?

Sjå tidlegare notat frå turen:

Oppdatering I:

Eg har fått tilbakemelding på mail frå ei som kan arabisk, – og til orientering kan eg seia at det er ei viktig kjelde i dalen. Men eg har ikkje fått sjekka om den er varm.

Ordet hamam med tydelig h i begynnelsen og lang andre-a betyr ’due’. I flertall er ordet hama’im (’duer’) (Hans Wehr 1980: 203).

Hvorfor roten hamma som i alle deklinasjoner betyr ’å varme opp’ eller ’å bade’ (10.dekl.) har gitt ord til ’duer’, skulle jeg gjerne likt å vite. Dette er interessant på et generelt grunnlag.

Men også interessant er det å spørre: fins det varme kilder i Duedalen? Ordet for ’bad’ er hammam, med lang andre-a. Men uten vokalisering og andre tegn skrives de to ordene nøyaktig likt, h m A m.

Jeg så at den gamle historikeren og reisende skrev tydelig at det var pga av duene i Duedalen, at den ble kalt slik. Men man kan jo undres?

Oppdatering II:

Sjå også artikkelen The Enduring Symbolism of DovesBible History Daily, februar 2013.

 


%d bloggarar likar dette: