Johannesbrødtreet

Bilde #13 frå vandringa på Jesus trail

Johannesbrødtreet
Johannesbrødtre, Arbelfjellet. Foto: Arne Berge

Dette Johannesbrødtreet står på toppen av Arbelfjellet. Det har ei spektakulær plassering. Rett bak treet er det stupbratt fjellside. Her på Arbelfjellet er det flott utsikt over Ginosarsletta og Gennesaretsjøen.

Oppdatering etter besøk på staden i mai 2017: Treet er nå dessverre borte. Det skal ha vore i så dårleg tilstand at det måtte hoggast ned. Men rota står truleg igjen og det vil kanskje veksa fram eit nytt tre på same staden.

Treet har fått namn etter Døyparen Johannes, som skal ha hatt belgane som føde i ørkenen. Eg har også lese ein teori om at belgfruktene i likninga om sonen som kom heim («den bortkomne sonen»), kom frå dette treet:

Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko. (Luk 15,16)

Ordet karat har samanheng med dette treet (hebr: חרוב, eng: carob tree). Frøa skal ha konstant vekt og dei blei i gamal tid brukt som vekteining, – kalla ein karat.

Johannesbrødtreet er eit tre i erteblomstfamilien. Les meir om treet i Store Norske Leksikon.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Døypte Jesus og disiplane?

Notat til søndagens tekst: Joh 3,26-30

Søndagens tekst er ein av to stadar i Johannesevangeliet der det står at Jesu disiplar (og kanskje også Jesus?) døypte i Judea, på tilsvarande vis som Døyparen Johannes gjorde det.

Dette er på ingen måte hovudpoenget i preiketeksten, men eg må innrømma at eg blir litt nysgjerrig når eg les dette.

Du finn dei to tekstane i Joh 3,22-26 og Joh 4,1-2. I den første av desse tekstane står det at Jesus var saman med disiplane sine og døypte. I den andre teksten står det at det eigentleg ikkje var Jesus sjølv som døypte, men disiplane hans.

Her gjengir truleg Evangeliet etter Johannes ein gamal tradisjon, som dei synoptiske evangelia ikkje har tatt med, om den første tida av Jesu offentlege gjerning. Dette kan vera frå tida like etter Jesu eigen dåp ved Døyparen Johannes, før han drog til Galilea for å konsentera seg om undervisning, forkynning og helbredande teneste (Matt 4,23).

Det som er viktig å halda klart, er at denne dåpen som Jesu disiplar (og kanskje også Jesus sjølv) ei tid praktiserte, ikkje er den same dåpen som den me har i den kristne kyrkja i dag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Johannes-dåpen (og dermed også denne dåpen som Jesus og/eller disiplane praktiserte i Judea) var ein omvendingsdåp eller bots-dåp som peika framover mot den frelsa som Jesus Messias kom med frå Gud.

Og her er dei aktuelle tekstane:

22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26 Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» (Joh 3,22-26)

1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.  2 No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. (Joh 4,1-2)

Norsk interesse for relikviar

I kveld (10.08.2010) hadde NRK Dagsrevyen 21 eit innslag om funnet av det som skal vera leivningar etter Døyparen Johannes. Funnet, som er gjort i eit kloster ved den bulgarske byen Sozopol, har fått mykje omtale den siste veka. Likevel: sjølv med mi spesialinteresse for all arkeologi som kan knytast til Bibelen, syns eg det var overraskande at NRK prioriterte ei slik nyheit.

Eg skreiv om funnet, og då med ei viss undring, allereie i forrige veke (etter eit oppslag i Vårt Land). Etter dette har eg halde fram med å undra meg, men då først og fremst over at relativt mange lesarar har vore innom akkurat dette bloggnotatet.

Eg har, som eg har skrive tidlegare, ikkje noko nært forhold til relikviar. Dette er noko som mine ortodokse og katolske kristne søsken har mykje meir greie på. Men eg syns det er interessant å sjå på verknadshistoria til eit slikt fenomen som er så viktig for mange andre kristne. Denne verknadshistoria inneheld blant anna valfart og pilegrimsreiser, kyrkje- og klosterbygg og ein spesiell, og for meg framandarta, spiritualitet. Derfor har eg med interesse sjølv oppsøkt og sett på relikviar når eg har vore gjest i ortodokse og katolske samanhengar.

I tillegg til reportasjen frå Bulgaria, kunne faktisk NRK fortelja at det arkeologiske funnet var gjort med norske EØS-pengar. Dermed hadde dei også fått det norske utanriksdepartementet til å stilla opp og uttrykkja glede over funnet. Og når først dette med glede er nemnt; NRK unnlét ikkje å peika på at både børs og katedral i Bulgaria jubla over funnet av dei gamle leivningane.