Turutstyr på Jesus trail

Bilde #7 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 301

Kva slags turutstyr brukar me viss me skal gå fottur i Galilea? Det spørsmålet har eg fått frå folk som syns det ville vera fint å vera med på pilegrimsvandring på Jesus trail. Og koss er terrenget?

Terrenget på Jesus trail er stort sett veldig lett; mykje grusvegar og elles gode stiar. Dessverre også noko asfalt. Det er lett å finna fram; løypa er godt merka. Dette bildet er frå dag 2 på Jesus trail, mellom Kana og Kibbutz Lavi. Den fire dagar lange turen går gjennom landbruksområde og småbyar, skog, hei og fjell. Dei brattaste motbakkene er faktisk i gamlebyen i Nasaret, der me går oppover i trappar mellom gamal bebyggelse. Når me går oppom Arbelfjellet, er det ein bratt sti ned i Duedalen med fantastisk utsikt over Gennesaretsjøen.

Eg har gått mykje på fjellstøvlene mine, som på bildet her. Men etter at dette bildet blei tatt i 2012, har eg gått over til lettare midi-tursko. Det er også fullt mogleg å gå i gode joggesko, for terrenget er normalt heilt tørt bortsett frå om vinteren.

Eg likar å gå med stavar når eg går lengre turar. Men det er det jo dei færraste som gjer. Og om ein ikkje har gått med stavar på turar i Norge, er det neppe nokon grunn til å gjera det på Jesus trail.

Sjølv om det er varmt, bør ein ha med seg klær som dekker skuldrane og knea. Dette fordi me er innom heilage stadar for ulike religionar. Elles er dagstursekk, vatn, solbriller og noko å ha på hovudet viktig turutstyr. Altså ikkje noko spesielt i forhold til andre turar.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana
Advertisements

8 Responses to Turutstyr på Jesus trail

  1. Arnhild Almås seier:

    Hei. Arrangerer de turar med rundtur Nazareth, rundt Genesaretsjøen om Tabor og tilbake? Jesus Trail-operatøren har ein slik tur (11 dg). Kunne ikkje finne det på di side (likevel delar av denne sløyfa). Er det muleg å gå åleine i området? Evt saman med eit par vener… Har gått med Erling Rimehaug og følgje frå Nazareth til Bethlehem for eit par år sidan og har elles vore på busstur-variant til Israel tidlegare. Går elles mykje i fjella her i heimlandet og «elskar» vandreturar med ein del opp og ned og slik 🙂 vh arnhild almås

  2. Arne Berge seier:

    Eg har også sett det turforslaget i guideboka som er gitt ut om Jesus trail. Eg har ikkje sjølv gått heile den turen, men har gått meir i området rundt Gennesaretsjøen enn Jesus trail. Første gong eg gjekk Jesus trail, gjekk eg turen saman med kona mi, og me planla turen sjølve. Det er fullt mogleg 🙂 Og veldig interessant!

  3. […] Turutstyr på Jesus trail […]

  4. […] Turutstyr på Jesus trail […]

  5. […] Turutstyr på Jesus trail […]

  6. […] Turutstyr på Jesus trail […]

  7. […] Turutstyr på Jesus trail […]

  8. […] Turutstyr på Jesus trail […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: