Kana i Galilea

Bilde #5 frå vandringa på Jesus trail

Kfar Kana

Dette bildet er tatt på ettermiddagen den første dagen på Jesus trail. Me ser i retning byen Kfar Kana der me skal ha éi av overnattingane på den fire dagar lange fotturen i Galilea.

Kana er i dag ein arabisk by med muslimsk og kristen befolkning. Me skal bu hos det kristne ekteparet Sami og Suad som driv Cana Wedding Guest House.

I bibelsk samanheng er byen kjent frå teksten om at Jesu gjorde vatn til vin i bryllaupet i Kana (Joh 2,1-12). Dei kristne i byen er stolte av denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet. Her blir det meir enn gjerne servert Cana Wedding Wine!

Kana er i følgje Johannesevangeliet også staden for Jesu andre teikn (Joh 4,46-54) og det er heimstaden til disippelen Natanael (Joh 21,2), som tradisjonen seier er den same som Bartolomeus. Det var derfor også ei Bartolomeus-kyrkje rett i nærleiken av gjestehuset.

Det bibelske Kana blir i følge gamal tradisjon lokalisert til Kfar Kana. Men eg vil óg nemna at det er dei som meiner at “Kana i Galilea” låg ein annan stad, der det i dag heiter Khirbet Kana. Dette er ein ubebygd stad med romerske og bysantinske ruinar, 9 km nordvest for Nasaret.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
Advertisements

6 svar til Kana i Galilea

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: