Mariakjelda i Nasaret

12/06/2017

Kjelder med vatn er viktige i Midt-Austen. Ein gamal tradisjon seier at Jomfru Maria var ved kjelda i Nasaret då ho mottok bodskapen om at ho skulle bli Jesu mor. Den gamle kjelda i Nasaret heiter derfor Mariakjelda.

Mariakjelda

Mariakjelda i Nasaret. Foto: Arne Berge

Denne bygningen markerer Mariakjelda. Den er ein moderne rekonstruksjon av ein eldre bygning på staden. Kjelda ligg på ein liten open plass like ved hovudvegen gjennom byen. Det er mange tre på plassen og bildet gir mest inntrykk av at kjelda ligg midt i ein park. I dag er det ikkje rennande vatn her.

Det neste bildet av staden er frå 1898.

06997vs

«The Virgin’s fountain» -Photo of the spring in 1898 – p/o American colony collection – Library of Congress

Den norske teologen Volrath Vogt var på staden i 1863 og skreiv etterpå om det han såg av «mærkverdigheder» i Nasaret:

Jomfru Marias Kilde, den eneste i Byen. Vi reiste vore Telte i Nærheden af Kilden om Eftermiddagen (23 April 1863), just som Byens Piger kom ud for at hente Vand i Krukker af gammel Form, som de bare paa Hovedet. (Volrath Vogt: Det hellige Land, side 572f.)

Tradisjonen om at Maria var ved kjelda då engelen kom, kjem frå Jakobs Protevangelium, eit apokryft skrift frå ca år 150. Dette er eit tidleg kristent skrift med legendestoff om Jesu oppvekst. Skriftet var svært populært i oldkyrkja og har prega den kristne tradisjonen om Jesu oppvekst både i ortodoks og katolsk samanheng.

Her er det aktuelle avsnittet:

Hun tok vannkrukken og gikk ut for å fylle den. Med ett var det en stemme som sa til henne: «Vær hilset, du begunstigede. Herren er med deg. Velsignet er du blant kvinner.» Maria så seg om til høyre og til venstre for å oppdage hvor stemmen kom fra. Hun ble engstelig og gikk hjem. Hun satte fra seg krukken, tok fram purpurtråden og satte seg på stolen sin og begynte å spinne på den.

Og med ett stod en engel foran henne og sa: «Vær ikke redd, Maria. For du har funnet nåde hos Allherskeren. Du skal bli med barn ved hans ord.»

(Jakobs Protevangelium 11, i Apokryfe evangelier. Verdens hellige skrifter. De norske bokklubbene 2001. Side 144)

Det er spesielt dei gresk-ortodokse kristne som er opptatt av tradisjonen med kjelda. I bakken like ovanfor kjelda ligg den gresk-ortodokse St. Gabriels kyrkje. Inne i kyrkja er det framleis rennande vatn frå kjelda. Kyrkja blei bygd i 1750 over restane av ei eldre kyrkje. Staden er første gong nemnt i skriftlege kjelder i korsfarartida, då den russiske pilegrimen Daniel i 1106 skreiv om ei kyrkje bygd over kjelda i Nasaret.

Volrath Vogt skreiv også om denne kyrkja som ein av «mærkverdighedene» i Nasaret:

Gabrielskirken, der hvælver sig over en Brønd i Nærheden af Jomfru Marias Kilde, er i Agt hos Grækerne, fordi de paastaa, at Jomfru Maria øste Vand af denne Brønd, da Gabriel aabenbarede sig for hende.

Dette bildet av St. Gabriels kyrkje tok eg på ein sein kveldstur i byen i 2012:

Galilea 2012 058 (1)

St. Gabriels kyrkje, Nasaret. Foto: Arne Berge

Eg var i Nasaret for eit par veker sidan. Me starta vandringa på Jesus trail med eit besøk i denne kyrkja. St. Gabriels kyrkje er ei typisk gresk-ortodoks kyrkje, rikt utsmykka med ikonar og ikonostasis. Kyrkja er liten og kvadratisk, bare 14 x 14 meter. Går me gjennom kyrkjerommet og ned nokre trappar, kjem me til brønnen med rennande vatn.

P1050652

Foto: Thor Kåre Kalvik

Her var det naturleg å lesa bibelteksten om bodskapen til Maria:

26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne. (Luk 1,26-37)


%d bloggarar likar dette: