I apostelen Paulus sine fotspor 2025

Kva skjuler seg under hovudgata Egnatia Odos i Thessaloniki?
Den relativt nye Thessaloniki Metro (opna desember 2024) går djupt under den moderne hovudgata. Då eg var i byen tidlegare i haust, fekk eg sett ein del av dei omfattande arkeologiske funna som blei gjort ved bygginga av banen.
Gruppa vår gjekk ned rulletrappa på Venezilou-stasjonen midt i sentrum og fekk eit flott syn: her ligg hovudvegen Via Egnatia frå romersk tid nokre meter under dagens gatenivå. Sjølve metroen går enda lenger nede, djupt under «etasjen» med arkeologiske utgravingar.
Eg visste det var gjort viktige funn her. Likevel var det ei overraskande stor oppleving sjå korleis byen har tatt vare på funna av den romerske vegen og nå viser dei fram for folk flest i nedgangen til stasjonen.

Det var på denne vegen Paulus reiste då han første gong kom frå Filippi til Tessalonika, det gamle namnet som Bibelen brukar på byen. Lukas fortel i Apostelgjerningane om då Paulus kom hit og forkynte om Jesus ca år 50:
1 Dei la vegen gjennom Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ein synagoge. 2 Paulus gjekk dit, som han var van med. Tre sabbatsdagar hadde han samtalar med dei ut frå skriftene. 3 Han opna skriftene og forklara at Den salva måtte lida og stå opp frå dei døde. Han sa: «Jesus, han som eg forkynner for dykk, han er Den salva.»
Apg 17,1-3. bibel.no
Via Egnatia var viktig for Paulus. Han hadde fulgt den på reise i fleire dagar frå Filippi. Det var bymur rundt Tessalonika, med port i muren der han kunne koma inn i byen frå austsida. Innanfor murane gjekk Via Egnatia tvers gjennom byen til ein byport på vestsida, der den romersk hovudvegen gjekk vidare vestover. Det romerske torget, Forum, låg midt i byen nær hovudvegen.
Truleg låg også den jødiske synagogen som Paulus besøkte, i dette området. Greske guidar fortel nå at den første jødiske synagogen i byen truleg stod der den gamle kyrkja Panagia Chalkeon står i dag, mellom Forum og den moderne vegen Egnatia Odos.
Då eg stod ved den romerske vegen som nå er gjort tilgjengeleg nede på metrostasjonen i dette området, tenkte eg: Her er eg i sentrum av Tessalonika på Paulus si tid.
Les også det tidlegare notatet Via Egnatia og den kristne misjonen i det første hundreåret.
Nettsida Archaeological Project in the Thessaloniki Metro har mange fine foto av funn frå dei arkeologiske utgravingane på fleire av stasjonane på metroen.
Her er det eg har skrive frå turen i Paulus fotspor i oktober 2025: