Grotta under Bodskapskyrkja

Adventsblogg 3. desember

IMG_5849
Grotta under Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2018

Adventsbloggen handlar også i dag om kva som er å finna i Nasaret. Og eg trur også det blir fleire dagar med stoff frå denne byen, for eg har mykje å dela herfrå.

Grotta bak i bildet er etter tradisjonen restar etter Maria sin heim. Grotta og det store altaret finn me i underetasjen i den katolske Bodskapskyrkja (Basilica of the Annunciation). Denne kyrkja er ei av dei største kyrkjene i Midt-Østen, kanskje den aller største. Den blei bygd over restane av eldre kyrkjer på 1960-talet. Katolikkane framhever ein tradisjon som seier at det var her engelen Gabriel kom til Maria og gav henne bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus.

34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son. (Luk 1,34-35)

Eg skreiv for nokre år sidan nokre pilegrimstekstar til ein Mariakonsert, blant anna denne: Mariapilegrim i Nasaret.

Her er eit par bilde av eksteriøret av kyrkja:

Galilea 2012 137
Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2012
Galilea 2012 125
Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Over inngangsdøra står desse orda frå Johannesprologen:

Verbum caro factum est et habitavit in nobis.

Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.

(Joh 1,14)

Fortsatt god adventstid!

Mariapilegrim i Nasaret

Klokkespelet spelar og vinden svalar i den varme lufta i Nasaret. Det er kveld og den siste turistbussen har køyrt. Eg ruslar opp bakken til den store Bodskapskyrkja. Vakta forstår at eg kjem for å vera stille, så eg får sleppa inn. Offisielt er kyrkja stengt etter klokka seks.

Me er bare nokre få menneske i kyrkja. Lokale kristne og tilreisande pilegrimar. Me samlar oss rundt grotta under kyrkja. Her skjedde det. Her skal engelen Gabriel ha vist seg for Maria. Det stod over kyrkjedøra der eg gjekk inn: Verbum caro factum est et habitavit in nobis. Ordet blei menneske og tok bustad mellom oss.

Nokre les. Andre ber. Tankane mine flyr. Endeleg er eg her. Eg samlar tankane mine i takk og bøn.

Eg tenkjer også på alle bileta av Maria og Jesusbarnet i kyrkja over grotta. Her er det ei stor samling med slike bilete frå heile verda. Og det underlege er at Maria og Jesus blir teikna heilt forskjellig i ulike kulturar. Her er asiatiske, europeiske og afrikanske Maria’er og Jesusbarn. For ikkje å snakka om alle dei latinamerikanske. Sanneleg: Han blei ein av oss. Og Maria var mora hans.

Dette er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. 

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: NasaretBetlehemKairoKana og Jerusalem.