Taizé

Fellesskapet i Taizé har vore ei inspirasjonskjelde for meg gjennom mange år. Eg møtte det gjennom ein venn som hadde vore i Taizé og som brakte tenkninga og songane deira med heim.

Taizé (blir uttalt Tézé) er namnet på ein liten landsby i Frankrike. Der er det eit økumenisk fellesskap som er til stor inspirasjon for unge kristne over heile verda. Fellesskapet er kjent for sine songar, for aktiv bruk av stillhet og for sitt hjelpearbeid og forsoningsarbeid.

Fellesskapet har to mål:

  • Å søkja fellesskap med Gud gjennom bøn, både personleg og gjennom "skjønnheten i fellesbønnen", som dei sjølve uttrykkjer det.
  • Å arbeida for fred og tillit blant menneska.

Taizé-fellesskapet har gode og innhaldsrike nettsider som du kan finna her. På desse nettsidene kan du bl a læra songane deira og du kan finna ut koss du reiser viss du vil besøkja staden.

Kvar veke tar fellesskapet i Taizé imot unge og vaksne som vil dela tid i bøn, lovsong og samtale. Dei tilreisande er i Taizé frå sundag til sundag. Nokre veker kan det vera fleire tusen tilreisande! Slik har gudstenesteformen og songane deira blitt kjent over heile verda. Songane frå Taizé er enkle og meditative i formen. Dei to mest kjente her i Norge er Laudate omnes gentes og Å Gud, høyr vår bøn. Mange av songane er med i Salmer 1997. Det er dessutan gjeve ut eit eige hefte med Taizesongar: Sanger fra Taize.

Dei av lesarane mine som bur her i området, kan koma til Bryne kyrkje førstkomande sundag kveld, 27. februar kl 19.00. Då er det Taizégudsteneste i kyrkja. Sjølv om me sjølvsagt ikkje kan gjenskapa stemninga frå Taizé, der store mengder unge menneske samlar seg i Forsoningskyrkja til gudsteneste tre gonger om dagen, kan me bruka dette i vår samanheng og ha ei enkel gudsteneste prega av stillhet og av songane frå Taizé.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.