Paulus i Athen

Viss du kjem til Athen i dag, kan du ikkje unngå å bli fascinert av Akropolis. Eit fjellplatå midt i sentrum, med fleire gigantiske tempel. Nokre av dei er relativt godt bevarte. Templa er 2400 år gamle; dei blei bygde mellom år 448 og 406 f Kr!

Det betyr at templa var over 400 år gamle då Paulus kom til Athen. Då var byen, som 400 år tidlegare hadde vore så mektig, ein liten avsides by. Framleis var filosofane viktige i denne byen som ikkje heilt hadde greidd å følgja med i tida. Nå var det Korint som var ein raskt veksande og viktig storby med handel og internasjonale kontaktar rundt i Romarriket. Kanskje det var derfor Paulus ikkje stifta nokon menighet i Athen? Han ville nok heller satsa på Korint!

Når eg kjem til Athen, er eg først og fremst turist. Ein kulturinteressert turist. Eg lar meg fascinera og imponera. Eg studerer templa og andre bygningar og ser på dette som kunst og kultur. Og for meg er det heilt ok å sjå slik på dette. Men me kan jo merka oss at Paulus reagerte på ein heilt annan måte. Han blei først og fremst provosert. Kraftig provosert! Lukas fortel i Apostelgjerningane at Paulus blei harm i hugen då han såg at byen var full av gudebilete (Apgj 17,16).

Paulus nytta ventetida i Athen til å snakka med folk. Det vil seia at han vitna om trua på Jesus så snart han fekk ein sjanse. Dette gjorde han blant jødane i synagoga og blant dei filosofisk interesserte athenarane, som hadde samlingsplassen sin på Agora (det greske ordet for torget). I dag er Agora utgraven av arkeologane, og me får ganske godt inntrykk av koss det såg ut i gamal tid. Frå dette gamle torget kan me gå ein sti opp til Areopagos, ei lita høgd som var møtestad for domsstolen i byen. Dit opp blei Paulus ført. Der er det ein fantastisk utsikt; ned på byen og opp på templa på Akropolis, som ligg like ved.

På Areopagos talte Paulus på oppfordring. Han var blitt utfordra til å seia meir om kva han var så opptatt av. Og den anledningen brukte han på ein glimrande måte:

Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: “For ein ukjend Gud”. Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk.

Innhaldet i talen (som du finn i Apgj 17,22 ff):

  • Innleiinga der han fanga interessa hos tilhøyrarane med å seia at dei var svært religiøse. Dette likte dei nok å høyra!
  • Klage over avgudsdyrkinga i byen
  • Tale om rett og feil gudsdyrking
  • Kristen forkynning om Jesus, om omvending og om oppstode frå dei døde

Resultatet av talen var at nokre spotta og lo mens andre var interesserte og sa dei ville høyra meir ein annan gong. Men nokre heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei som kom til tru, var ein av domarane på Areopagos, Dionysios, og ei kvinne som heitte Damaris.

Begge desse namna gir meg forresten gode assosiasjonar. Dionysios er namnet på ein gresk prest og munk som eg har møtt og som gjorde eit sterkt inntrykk. Han leier eit gresk-ortodokst kloster eg har besøkt eit par gonger. Og Damaris er namnet på eit interessant senter som er opptatt av å visa at kristendomen er aktuell for samtidskulturen vår.

Me kan merka oss eit par interessante ting ved innhaldet i Paulus sin tale på Areopagos.

A. Paulus hadde eit altomfattande perspektiv då han talte til athenarane, og han var krass i kritikken av gudebileta på Akropolis: For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: “For vi er hans ætt”. Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

B. Paulus forkynte her direkte for heidningar. Dette er ikkje tale til jødar eller til “dei som trudde på Israels Gud”. Derfor tok han ikkje utgangspunkt i GT og forkynte Jesus inn i den profetiske samanhengen, slik han ofte gjorde andre stadar. Nei, her tok han utgangspunkt i den religiøsiteten som var aktuell for tilhøyrarane, og det var den greske gudeverda!

For Paulus var templa på Akropolis provoserande, for meg er dei interessant og spanande kulturhistorie. Eg lever i ei anna tid, og me ser på templa meir som historiske monument enn som religiøse symbol. Men sjølv om eg lever i ei anna tid, gir Paulus meg viktige impulsar i talen på Areopagos. Han lærar meg noko om å ha eit bevisst forhold til samtidskulturen og om å gjera den kristne trua aktuell og levande for dei som har ei anna tru.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: