Via Dolorosa

Forteljinga om Jesu liding og død er sentral i den kristne trua. Kristne har gjennom alle tider vore opptatt av historia om det som skjedde då Jesus i løpet av nokre dramatiske timar og dagar blei arrestert i Getsemane, blei forhøyrt av dei jødiske leiarane og av Pilatus, blei spotta og piska og til slutt døydde på korset.

Eg vil nå i vekene fram mot påske skriva nokre artiklar som går inn på dei ulike delane av lidingshistoria.

Uttrykket Via Dolorosa (lidingsvegen, smertevegen) blir brukt om den vegen Jesus måtte gå mot døden på korset, både i geografisk forstand og i overført betydning.

Opplevinga av at Jesu liding og død er så viktig, har òg ført til at mange kristne har fått ein spesiell interesse for byen Jerusalem der Jesu lidingsveg historisk gjekk. Denne interessa har eg òg kjent på i nokre år, og eg fekk i 2001 ein studiepermisjon då eg arbeidde med temaet under tittelen Jesu lidingsveg – innhald og lokalisering. I tillegg til å gå inn i innhaldet i lidingsvegen, har eg altså vore opptatt av å finna ut kor Jesus reint fysisk blei ført, frå han blei arrestert til han blei henretta og gravlagt. Kan me idag finna stadane der dette skjedde?

Eg delar Jesu lidingshistorie opp i desse avsnitta:

  • Jesus i Getsemane
  • Jesus i møte med dei jødiske leiarane
  • Jesus i møte med dei romerske leiarane
  • Jesu død på Golgata

I tillegg til dette som direkte kan kallast lidingshistoria, er det vanleg og naturleg å føra linja vidare fram til Jesu grav. Kva veit me om staden der han blei gravlagt og der Det nye testamentet forkynner at han stod opp frå dei døde?

Ei gudsteneste eg var med på for nokre dagar sidan, slutta med orda “Følg Kristus på vegen mot påske, til fornying og fordjuping i trua!” Det kan vera ei oppfordring til oss alle. Gjer me det, blir fastetida ei førebuingstid før påske, også for oss.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: