Han Innante

Denne veka var eg på revy (februar 2005). Fekk med meg premieren på Han Innante sin nye revy i Stavanger Konserthus. Det var ei herleg oppleving med mykje god humor. Han Innante har med seg åtte kamerattar og ei heimehjelp, og denne gjengen køyrer eit originalt show med god musikk og mange spesielle effektar, prega av godt utvikla fantasi og humoristisk sans.

6a00d8341cb87053ef00e54f48a5568834-640wiLikevel lo eg nok ikkje like mykje som sist dei hadde revy. Eg tenkjer meg det var fordi eg nå kjente uttrykksmåten og humoren frå før. Den første revyen deira, På bedringens rand, overrumpla meg nok meir.

Elles har eg eit spesielt forhold til denne gjengen fordi eg kjenner nokre av dei frå før. Brakkvald, Han Innante sjølv, gjekk eg gymnaset saman med, og han hadde alt då ein velutvikla fantasi. Då kalla me han for øvrig Torolv. Og Tor, alias Sjur Oppfinnar, er eg jo kollega med og har kjent sidan me var teologistudentar. I tillegg har denne galne gjengen alliert seg med Rita Fotland frå Time, så her var det mange kjente fjes å sjå. Det blei forresten sagt at Rita, som spelte heimehjelp og trekkspel, var levert av Hjelpemiddelsentralen.

Han Innante er opptatt av pillosofi, og han tar bl a opp det grunnleggjande problemet: Kem e eg, – og kor ofte? Elles har han flotte innslag som Blues om hendelsesløysa og Alt blir enklare med datta.

Når det gjeld data, er du vel klar over at pc’en er nemnt i Bibelen? Då opna jorda seg og slukte Datan, står det i Salmane, og sjølv om Han Innante ikkje hadde med dette poenget, er det vel nokon som har tenkt på denne løysinga når dataproblema tårnar seg opp.

God humor er noko godt. Det høyrer saman med livsglede og overskot, og derfor trur eg òg det høyrer saman med å tru på ein Gud som har skapt oss nettopp med evne til livsglede og overskot!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: