Faste

Idag (onsdag 9. februar 2005) når eg skriv dette, er det Askeonsdag. Idag begynner fastetida. Det er ei tid då mange kristne konsentrerer seg om Jesu vandring mot Jerusalem og hans lidingshistorie. Dette er på ein måte ei førebuingstid før påske, på same måte som advent er ei førebuingstid før jul. Du kan lesa meir om kyrkjeåret her.

I vår kyrkje har me ikkje sterke tradisjonar for å fasta på den måten at ein held seg borte frå f eks mat i denne tida. Det er likevel ein del kristne som ønskjer å gjera dette for å kunna konsentrera seg meir om Guds Ord og bøn i denne tida. Det dreier seg i så fall om å velga bort noko for å kunne konsentrera seg om noko anna. Ein langt vanlegare form for å markera fastetida, er at ein prioriterer bøn og lesing av bibeltekstar og annan åndeleg litteratur som passar til fastetida sitt innhald, spesielt det som er konsentrert omkring Jesu lidingshistorie.

Me kan òg merka oss at det i Bibelen finst ein del tekstar som er sterkt kritiske mot ein faste som som gjer oss opptatt av oss sjølv og vår eigen religiøse praksis. Desse tekstane peiker på at Gud er meir opptatt av det som skjer inni oss og det me gjer for vår neste.

På grunn av dette siste har Kirkens Nødhjelp prioritert fastetida som ei tid for å setja dei lidande på dagsorden. Kirkens Nødhjelp har kvart år ei fasteaksjon som heiter Brød for verda. Denne aksjonen samlar i år inn pengar spesielt til arbeidet mot menneskehandel.

Profeten Jesaia seier:

Er dette den faste eg vil ha: ein dag då mennesket plagar seg sjølv, heng med hovudet som sevet, kler seg i botsdrakt og ligg i oske? Kallar du dette for faste, er det ein dag etter Herrens vilje? Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut den som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, at du deler ditt brød med den som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne. (Jes 58,5-7)

Jesus seier:

Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei skapar seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg. (Matt 6,16-18)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.