kategoriar
Kyrkjeåret

Fastetid 2012

Fastetida begynner i dag på askeonsdag (22.02.2012) og varer i 40 dagar fram til påske. Fastetida utfordrar meg til å forsaka noko eg normalt prioriterer. Gjer eg det, kan eg leggja større vekt på verdiar som å søkja Jesus Kristus, byggja fellesskap, leva enklare og fremma rettferd.

Her forklarer sokneprest Synniva Gylver kort kva faste er:

kategoriar
Kyrkjeåret

Fastetid 2009

Fastetida begynner i dag på askeonsdag (25.02.2009) og varer i 40 dagar fram til påske. Fastetida utfordrar meg til å forsaka noko eg normalt prioriterer. Gjer eg det, kan eg leggja større vekt på verdiar som å søkja Jesus Kristus, byggja fellesskap, leva enklare og fremma rettferd.

Eg er usikker på kor mykje denne utfordringa vil få styra prioriteringane mine dei komande vekene. Eg skal blant anna inn i ein periode med mykje uregelmessig arbeidstid. Men eg tar likevel med meg dette perspektivet inn i fastetida. Kanskje det er fleire enn meg som tenkjer slik, og som vil la seg utfordra?

Du lurar kanskje på dette med dei 40 dagane? Dette går tilbake til Jesu faste i ørkenen (Matt 4,1 ff). På kalenderen for 2009 er forklaringa at det er 40 dagar frå askeonsdag (25.02) til påskedag (12.04) når du ikkje reknar med søndagane, som ikkje er fastedagar.

Her er nokre aktuelle lenker for fastetida:

kategoriar
Tankar

Faste, ei tid for øving

Då fastetida begynte, skreiv eg eit innlegg om faste her på bloggen. Sidan har eg skrive ein del innlegg om Jesu lidingshistorie og om stadar knytt til denne historia, og det vil eg halde fram med.

Men idag (26.02.2005) vil eg peika på ei anna side ved fastetida. Det at me rett og slett blir utfordra til å tenkja gjennom våre prioriteringar. Eg las nettopp ein artikkel, Ord i fastetiden, på kyrkja sine nettsider. «Fastetiden er en tid for øvelse, – skjerpe sansene, lydhørheten, få øye på ditt eget liv, menneskene rundt deg, og Gud.» Slik skriv Virve Tynnemark i artikkelen som eg gjerne vil tipsa deg om i dag.

Du finn artikkelen her.

Elles er det kanskje òg tid for å minna om eit av dei første innlegga eg skreiv her på bloggen, om stillhet. Det var ikkje skrive med tanke på fastetida, men passar godt inn i samanheng med artikkelen Ord i fastetiden.