Kristne fellesskap

Ein menighet er eit kristent fellesskap. Samtidig består ein menighet av mange små og store fellesskap på forskjellig nivå og med forskjellig funksjon. Det er verdifullt å høyra til i eit kristent fellesskap. Her vil eg skriva litt om ulike typar fellesskap innan ein menighet. Ein annan gong kan eg heller skriva om kva som særpregar kristne fellesskap i forhold til andre typar menneskelege fellesskap.

For det første er menigheten det store fellesskapet, der ulike menneske samles i gudstenesta. Her tel verken alder, sosial status eller kjønn. Ein kjem ikkje saman fordi ein har felles interesser eller meiner det same om saker og ting. I gudstenesta tener Gud oss og me tener Gud. Gudstenesta er eit ope og stort fellesskap, derfor er det ikkje så forpliktande. Her finn me i følgje luthersk kyrkjetenking det som gjer oss til menighet; forkynninga av evangeliet og forvaltninga av sakramenta dåp og nattverd. Dei fleste menighetar har desse samlingane på sundagen, som er Herrens dag (me kristne har sundagen som heilagdag pga Jesu oppstode frå dei døde).

Innan ein menighet er det dessutan ofte fleire ulike kristne verksemder som kan vera opne eller medlemsbaserte, og som utgjer ein del av menigheten. F eks eit ungdomsarbeid, ei speidargruppe, eit alphakurs, ein kristen organisasjon. Dei som deltar er saman fordi dei har ein aktivitet eller interesse saman, eller fordi dei er i same alder eller i same livssituasjon. Eg har her og nå ikkje noko godt fellesord for denne typen fellesskap, men kallar dei altså her for kristne verksemder innanfor menigheten.

Vidare er det i ein menighet mange små fellesskap, det me med eit fellesord kan kalla smågrupper. Det er ofte mange typer smågrupper i ein menighet; bønegrupper, bibelgrupper, samtalegrupper, cellegrupper, husfellesskap, misjonsforeningar. Kjært barn har mange namn. Det som særpregar desse gruppene er at dei er små og forpliktande. Du blir sakna viss du ikkje kjem.  Her har dei som er med, eit nært fellesskap med kvarandre. Dei som er i gruppe med kvarandre, blir etter kvart godt kjente.

Vidare er det i ein menighet ulike tenestefellesskap. Dei som er saman om ei teneste, arbeider seg saman i eit tett fellesskap. Dei har samlingar der dei forbereder seg og ber for tenesta si. Det vanlegaste eksempelet på tenestefellesskap er dei som er leiarar saman i ei eller anna gruppe. Dei utgjer eit slikt tenestefellesskap. Men det kan òg vera dei som er saman f eks i ei lovsongsgruppe eller i eit kor. Dei har det fint saman når dei øver, men hensikten med fellesskapet deira er at dei skal tena andre med songen og musikken.

Til slutt tenkjer eg på den dimensjonen ved det kristne fellesskapet som me kan kalla samtale- eller sjelesorgsfellesskapet. Eg tenkjer på alle dei gode samtalane på tomannshand som skjer i ein menighet. Me hjelper kvarandre som menneske og som kristne. Dette er ei side ved fellesskapet som alle kan vera med på. Alle har nokon dei kan bety noko positivt for. I tillegg til denne vanlege omsorgsfunksjonen, er det òg kristne leiarar som har det som ein del av tenesta si å ha samtalar med andre, f eks prestar, diakonar, ungdomsleiarar osv.

Her har eg altså prøvd å systematisera fem ulike fellesskapsnivå i ein menighet. Det finst heilt sikkert andre måtar å setja dette opp på. Uansett er det nyttig å sjå fellesskapet i menigheten sin i fugleperspektiv, og tenkja gjennom kvar ein er sjølv i dette biletet. Eg trur det er sunt for eit kristent menneske å tilhøyra fleire av desse typene fellesskap i menigheten. Men alle treng ikkje vera med i alt, i alle høve ikkje samtidig!

2 tankar på “Kristne fellesskap”

  1. interessant å lese det du skriver arne.
    jeg er enormt opptatt hva det kristne fellesskapet er og hvordan det fungerer.
    jeg er stort sett enig med alt du skriver, selv om jeg gjerne ville brukt litt andre ord og uttrykk. det som nok er min svakeste side er referansen til tradisjonen og kirkehistorien. jeg liker nemlig når den kan lære oss noe.

    en side med det kristne fellesskapet som jeg føler ikke kommer frem av det du skriver er «den levende bevegelsen». når jeg leser i nt om hvordan det kristne fellesskapet fungerte virker det på meg som om de var en bevegelse. mye av det organiserte som du beskriver er ikke tydelig i de første kritsne fellesskapene. jeg sier ikke det er noe galt med organisering, men det du beskriver er veldig organisert.

    jeg vil også være sterkt uenig i at «for det første er menigheten det store fellesskapet». da rangerer du fellesskapsnivåene. og når et fellesskap er viktigere enn de andre, vil det i praksiss være det fellesskapet som definerer hva det kristne fellesskapet er. jeg vil hevde at de ulike nivåene til sammen utgjør det kristne fellesskapet (eller kirken). de ulike nivåene tjener ulike hensikter og mål, og jeg vil også hevde at det er viktig å være en del av alle nivåene. jeg oppererer med følgende nivå:
    1. personlig fellesskap med Gug – individuelt
    2. raderpar – to personer som ansvarliggjør hverandre – ektepar
    3. smågruppe – 5-10 perosner som deler liv – familien
    4. huskirke – 20-30 personer som har et felles mål – den utvida familien
    5. gudstjenestefellesskapet – tilbe og feire Gud – slekten

  2. Interessant kommentar! Det skjerper tanken at det finst ulike måtar å sjå dette på. Me må huska at slike modellar som du og eg legg fram her, bare fortel ein del av virkeligheten. Dei har nok sin styrke på kvar sine område, og kan med fordel utfylla kvarandre.

    Den kristne kyrkja er først og fremst ein bevegelse. Eg vil seia: ein misjonsbevegelse. Me er undervegs frå Kristi Himmelfartsdag, då Jesus fór opp til himmelen, til den dagen han kjem igjen. I denne perioden er kyrkja (dvs me som trur) stadig undervegs i nye situasjonar, kulturar og tider. Me ønskjer å inkludera nye menneske. Eg ser at min modell ikkje fekk fram dette. Mitt fokus var å beskriva deskriptivt koss ulike fellesskapsnivå faktisk er til stades i menigheten mens me er undervegs i denne bevegelsen.

    Ja, eg skreiv «for det første er menigheten …». Faktisk tenkte eg ikkje her på å rangera fellesskapsnivåa. Eg brukte dette som eit skriveteknisk uttrykk (for det første / for det andre/ for det tredje osv). Eg er einig med deg i at dei ulike fellesskapa til saman utgjer menigheten. Samtidig er eg vant med å kalla gudstenesta for menigheten sin hovudsamling. Det er eit uttrykk som eg vil halda fram med å bruka, sjølv om alle i menigheten (dessverre) ikkje i praksis er til stades og deltar i dette fellesskapet.

    Når det gjeld din modell med fem nivå, inneheld den mykje spennande. Eg stusser likevel på om ikkje dette er meir organisert enn det eg presenterte? Skal alle kristne f eks vera ein del av eit radarpar og i ei huskyrkje? Og kven skal i så fall setja saman radarpara og huskyrkjene?

    Når det gjeld gudstenesta, meiner eg det er viktig for forståinga at Gud tener oss og me tener Gud. Eg syns ditt uttrykk – å tilbe og feira Gud – bare dekkjer ein del av dette.

    Du tar med den enkelte sitt fellesskap med Gud i din modell. Eg er einig med deg i at det er det grunnleggjande. Eg hadde det ikkje med i min modell fordi eg ikkje tenkjer at det er ein del av det kristne fellesskapet, men heller at det er grunnlaget for det kristne fellesskapet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.