Nytt funn på Herodion 2014

18/12/2014
Credit: The Herodium Expedition at the Hebrew University of Jerusalem

Credit: The Herodium Expedition at the Hebrew University of Jerusalem

Det er gjort nye og interessante funn etter Herodes den store si byggeverksemd på Herodion. Funna er offentleggjort i dag i ei pressemelding frå den arkeologiske avdelinga ved The Hebrew University of Jerusalem.

Det dreier seg om eit portrom eller ein passasje med 20 meters høgde i borga og palasset Herodes bygde som eit kunstig fjell ute i ørkenen ved Betlehem. Herodion er også kjent som Herodes´ gravstad.

Les om saka her:

Unique entry complex discovered at Herodian Hilltop Palace

(…) The main feature of the entryway is an impressive corridor with a complex system of arches spanning its width on three separate levels. These arches buttressed the corridor’s massive side-walls, allowing the King and his entourage direct passage into the Palace Courtyard. Thanks to the supporting arches, the 20-meter long and 6-meter wide corridor has been preserved to a height of 20 meters.

(…)

Surprisingly, during the course of the excavations, it became evident that the arched corridor was never actually in use, as prior to its completion it became redundant. This appears to have happened when Herod, aware of his impending death, decided to convert the whole hilltop complex into a massive memorial mound, a royal burial monument on an epic scale.

Les meir

Les tidlegare notat om Herodion her.


Herodion og Jesu fødsel

29/12/2012

Kong Herodes hadde mange palass. Det største av dei alle, Herodion, låg bare få kilometer frå Betlehem.

Fartein Valen-Sendstad skreiv om denne staden i ein kronikk i Aftenbladet i jula (2012). Her skildra han ein tenkt samanheng: kongen har samla dei viktigaste personane i samtida til teaterforestilling og fest på Herodion, samtidig blei Jesus født i enkle kår bare nokre kilometer unna. Gjetarane som fekk englebesøk på Betlehemsmarkene, trudde først dei skulle oppsøka palasset, men forstod så bodskapen om at dei skulle leita ein heilt annan stad for å finna det nyfødte barnet.

Historisk sett er det sjølvsagt ikkje mogleg å slå fast kvar Herodes oppheldt seg då Jesus blei født. Han hadde som nemnt mange palass. Men det er ikkje ein ueffen tanke å plassera han i ørkenen like utanfor Betlehem, akkurat på dette tidspunktet!

Kronikken har med ein del faktakunnskap om Herodion og presenterer på ein kort og god måte dei to viktige funna som er gjort dei siste åra; teateret og mausoleet, altså kong Herodes sin gravstad.

Her er eit utdrag:

Kongelosjen og krybben
Fra Betlehem og omegn rundt Jesu fødsel

(…)

Noen få kilometer lengre sørøst lå festningspalasset Herodium som Herodes den store hadde bygd. Det var på størrelse med 35 fotballbaner eller rundt 250 000 m2. Etter det vi til nå vet, var det datidens største palasskompleks.

Anlegget består av et Øvre og Nedre Herodium. Det øverste er en sju etasjers sylinder med to etasjer under jorda og fem over. Fire tårn tronet i de fire himmelretningene. I det største som lå mot øst, var et utsøkt rom på toppen. Der oppe var det svalt sommerstid med luftig ettermiddagsbris. Her kunne Herodes sammen med sine utvalgte se langt østover, til tider skimte noe av Dødehavet. Enda viktigere, de kunne se litt av Jerusalem, og folk der nord kunne skimte festningen og konturene av østtårnet.

(…)

Arkeologer har lenge gravd på Herodium. De siste årene har de avdekket rester etter to interessante bygg. Det ene er et lite teater med 450 seter.

Det skal Herodes ha ferdigstilt til Markus Agrippa, keiser Augustus’ høyre hånd i øst, som kom på besøk i år 15 fvt.

(…)

Det andre bygget ser ut til å ha vært mausoleet til Herodes. Nederst hadde det et podium (10 x 10 meter), så fulgte to etasjer og øverst et kjegleformet og buet tak. Sarkofagen skal ha stått i andre etasje, omgitt av 18 mektige søyler. Rundt byggverket lå en prydhage som ble vannet fra et lite basseng like ved. Mausoleet skal ha vært 20 – 25 m høyt og sto i skråningen opp mot festningspalasset. Der tronet det vendt mot Jerusalem.

Les meir


Oppdatert om Herodion

15/06/2011

Herodion er ein stad som stadig fascinerer. Men her har det skjedd så mykje dei siste åra, at mange guidebøker ikkje lenger er oppdaterte.

På nettet er det derimot mykje og oppdatert stoff om Herodes den store sitt imponerande anlegg (frå ca år 20 f. Kr.) ute i ørkenen nær Betlehem.

Popular Archaeology (nr 2/2011) har nyleg lagt ut ein oppdatert og illustrert artikkel om staden, skriven av Shmuel Browns:

Netzer’s Legacy: The Wonders of Herodium.

Professor Ehud Netzer gjorde ein stor innsats på Herodion dei siste åra han levde. Først og fremst dreier det seg om funnet av Herodes’ grav (2007) og av eit teater med eigen “kongelosje” (2010). Netzer døydde i oktober 2010 etter ei fallulukke på staden.

Sjå tidlegare stoff om Herodion her.


Netzer om Herodes’ grav

06/01/2011

Herodes den store døydde i år 4 f. Kr. og blei gravlagt på Herodion. Grava blei først funnen i 2007 (her).

Arkeologen bak dette funnet, Ehud Netzer, døydde dessverre etter ei fallulukke på Herodion i oktober 2010 (her).

Nå har eit nytt nummer av Biblical Archaeology Review (januar/februar 2011) kome bl a med ein artikkel der Netzer fortel om Herodion og grava.

In Search of Herod’s Tomb

During the 38 years since I began working at Herodium, Herod’s luxurious desert retreat, this architectural masterpiece has yielded many treasures, but none more exciting than the 2007 discovery of Herod’s elusive tomb. Some still question this identification, but more recent discoveries confirm my initial conclusion. Today, I have no doubt of it.

Les meir


Ehud Netzer 1934-2010

28/10/2010

Ei trist nyheit for den arkeologiske forskinga på jødedomen på Jesu tid, og dermed også for nytestamentleg arkeologi: Professor Ehud Netzer døydde nyleg etter skadar han fekk i eit fall på Herodion.

Netzer var ein av dei aller fremste spesialistane på Herodes den store. Det var han som for få år sidan fann Herodes’ grav og som nyleg har presentert Herodes’ teater med “kongelosje” på Herodion. Sjå tidlegare notat under kategorien Herodion.

Han har bl a gjeve ut boka Architecture of Herod, the Great Builder.

(via BiblePlaces Blog og Zwinglius Redivivus)

Oppdatering:

Den tragiske hendinga på Herodion har sjølvsagt fått mange pressoppslag, f eks desse:


Meir om Herodes’ kongelosje

17/10/2010

National Geographic har lagt ut ein bildeserie frå teateret på Herodion og det som nå blir kalla Herodes sin kongelosje der. Sjå Pictures: King Herod’s VIP Box Excavated. NG presenterer interessante bilder med tekst.

Her er litt info om Herodion, henta frå eit tidlegare notat om staden:

Herodion er ei borg og eit slott som ligg ute i ørkenen 12 km sør for Jerusalem, nær Betlehem. Kong Herodes den store bygde anlegget ca 20 f Kr, til minne om ein militær seier han tidlegare hadde vunne her. På avstand ser det ut som ein vulkan, men det er faktisk eit kunstig fjell. På toppen finn me restane etter sjølve slottet, som var på sju etasjar. Dei to nederste etasjane var under jorda, inne i den kunstige fjellet. Her oppe er det ein fantastisk utsikt. På sletta nedanfor finn me restane etter det nedre Herodion. Her var det store bygningar, basseng, hage og ulike anlegg som egna seg for konkurranse og idrett. (Les meir)

Eg ser fram til å koma tilbake til staden. Då håper eg at både teateret og Herodes’ gravkammer er opna for publikum. Sjå tidlegare notat om kongelosjen her.

(via PaleoJudaica)


Herodes’ kongelosje?

19/09/2010

Arkeologar har funne kongelosjen i Herodes den store sitt private teater på Herodion. Teateret ligg halvvegs oppe i bakken på det kunstige fjellet, i nærleiken av mausoleet som blei funne i 2007 (her).

Det er The Hebrew Univerity of Jerusalem som denne veka fortel dette i ei pressemelding. Det ser ut til å vera eit interessant funn og det skal bli spennande å følgja arbeidet på Herodion i åra framover.

Universitetet skriv royal box i hermeteikn. Det er fornuftig. Inntil vidare er det nok best å plassera uttrykket i avdelinga for foreløpige tolkingar av interessante arkeologiske funn.

Oppdatering: Sjå bilde frå teateret på Smithsonian.com.

Her er eit utdrag frå pressemeldinga:

Royal box uncovered at Herodium reveals further evidence of luxurious lifestyle of famed King of Judea

A “royal box” built at the upper level of King Herod’s private theater at Herodium (Herodion in Greek) has been fully exposed in recent excavations at the site, providing a further indication of the luxurious lifestyle favored by the famed Judean monarch.

The excavations, in the frame of Herodium’s National Park at the eastern edge of Gush Etzion, were conducted by Prof. Ehud Netzer under the auspices of the Hebrew University of Jerusalem Institute of Archaeology.

The theater, first revealed during the years 2008-2009, is located halfway up the hill close to Herod’s mausoleum, whose exposure in 2007 aroused worldwide attention. The highly decorated, relatively small theater was built in approximately 15 B.C.E., which was the year of the visit to Judea of Marcus Agrippa, second in the hierarchy of the Roman Empire, said Prof. Netzer, who has been assisted in the excavations by Yakov Kalman, Roi Porath and Rachel Chachy.

(…)

On the upper parts of the walls are the room’s highlights: a series of unique “windows” painted with outfolded shutters on either side and various naturalistic landscapes within. They include scenes of the countryside, the Nile River and a nautical scene featuring a large boat with sails. One can identify features of trees, animals and human beings. Some of these windows have survived intact on the walls, whereas others were found in fragments on the floor and are undergoing restoration in the Israel Museum’s laboratory.

Painted windows with shutters appear in the late Second Pompeian Style in Italy, and mainly depict unrealistic views like theater settings and still-life. The closest parallels for the windows at Herodium are known from the ”Villa Imperiale” at Pompeii, dated to the early Third Style, 15 to 10 B.C.E.

(…)

Opening the royal box site to the public will only take place after a special protective structure will be built around the room, while the theater itself will undergo partial restoration.

(les meir og sjå bilde)


%d bloggarar likar dette: