Fest for Israel 60 år

Eg har tidlegare skrive om Israel sitt 60-års jubileum og om koss eg tenkjer om denne staten som mange har så sterke meiningar om.

Denne veka var eg med på den store jubileumsfesten i Oslo. Feiringa foregjekk i Gamle Logen, eit gamalt og ærverdig festlokale. Det var eit flott arrangement med ca 500 deltakarar og med eit interessant og godt program. Biletet viser ein festpynta talarstol med Menorah (sjuarma lysestake), blomster og flag.

Festen var arrangert av kristne og humanitære israelsorganisasjonar i samarbeid med Det Mosaiske Trossamfund (den jødiske menigheten i Norge). Eg er medlem i Den Norske Israelsmisjon, som var ein av organisasjonane som stod bak arrangementet. Dei andre arrangørane var Det Mosaiske Trossamfund, Hjelp Jødene Hjem, Med Israel for fred, Ordet og Israel. Dette er organisasjonar som har svært forskjellig utgangspunkt for sitt Israelsengasjement og som også har forskjellige synspunkt i aktuelle problemstillingar. Men denne kvelden samla me oss om det som er felles, blant anna ønsket om at Israel skal eksistera som ein demokratisk stat.

Som nemnt var det eit flott program. Skal eg trekkja fram noko spesielt, vil eg nemna helsinga ved statsekretæren i Utanriksdepartementet, som overraska meg positivt. Det var også interessant å høyra Michael Melchior, som hadde hovudtalen. Dessutan syns eg Johannes Kleppe sitt innslag i panelsamtalen der han fortalde om forholdet sitt til Israel, var kjempebra! Elles var diktet Dronning Ester av Haldis Moren Vesaas, lese av Ola B. Johannessen, flott.

Her er statssekretæren si helsing:

Her ligg det meir filmar, bilete og anna stoff frå festen.

Og slik var programmet:

  • Velkomst ved Øyvind Bernatek, styreleiar i Hjelp Jødene Hjem
  • Film: When a Nation builds a Homeland
  • Innleiing ved konferansier Geir Børresen
  • Musikk ved Glorioso ClassiCo
  • Helsing frå den norske regjeringa, ved statssekretær Raymond Johansen
  • Israelsk solosong og musikk
  • Hovudtale ved Michael Melchior, overrabbinar og Knesset-medlem
  • Musikk ved Glorioso ClassiCo
  • Kaffipause
  • Israelsk folkedans ved dansegruppa Menorah
  • Israels fødselshistorie sett frå Norge, ved tidlegare stortingspresident Jo Benkow
  • Diktlesing ved Ola B. Johannessen
  • Panelsamtale ved fire personar som har eit spesielt forhold til Israel
  • Allsong
  • Helsing frå Israel, ved Israels ambassadør Miryam Shomrat
  • Musikk ved Gloriso ClassiCo
  • Avslutning

Eg vil også nemna at det var kjekt å treffa igjen og høyra gruppa Glorioso ClassiCo, som eg var saman med på Solgården sommaren 2005.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: