Paulus om Kristi preeksistens

logo_anno_paolinoPaulus skriv fleire stadar om Kristi preeksistens, det at  Jesus Kristus, som Guds Son, var hos Gud før han blei menneske. Som Guds evige Son, var han også delaktig ved skapinga av verda.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Desembersitatet, som skulle vera frå Kolossarbrevet, forsvann dessverre i  julefeiringa mi. Til gjengjeld hadde eg rett ved juletider eit notat om det eg kalla Paulus sitt juleevangelium i Galatarbrevet.

Nå kjem det forsinka desembersitatet frå Kol 1,15-17. Dette er truleg ein del av ein hymne som blei brukt i urkyrkja og som Paulus siterer i dette brevet. Kolossarbrevet blei skrive ca år 60 til den kristne forsamlinga i Kolossæ i nærleiken av Efesos i Lilleasia.

Paulus skriv:

Han er biletet av den usynlege Gud,
den førstefødde før alt det skapte.

For i han vart alt skapt,
i himmelen og på jorda,
det synlege og det usynlege,
troner og herredøme,
makter og åndskrefter –
ved han og til han er alt skapt
.

Han er før alt,
og i han blir alt halde saman.

I fleire av Paulus sine brev finn me tekstar som handlar om Kristi preeksistens. Elles finn me tekstar om dette i Hebrearbrevet og ikkje minst i prologen til Johannesevangeliet.

Den kristne læra om Kristi preeksistens er formulert på ein flott måte i den nikenske truvedkjenninga:

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt.

Trass i at dette er ein viktig nytestamentleg tanke, er det ikkje ofte me høyrer forkynning om dette temaet. Eyvind Skeie utfordra kyrkja i foredraget sitt på Kyrkjemøtet 2008 til å leggja meir vekt på denne sida av trua.

Eg tar også med ein liten kommentar frå Håndbok til Det nye testamentet (s 374):

Om Kristus sies det videre: Han er det bildet vi har av den usynlige Gud. Det vil si at bare i Kristus er det mulig å erkjenne Gud, vite hvordan Gud er. Og som Guds førstefødte er Kristus hevet over “alt det skapte”.

Kristus er hele tilværelsens opphav. Alt som er skapt, skyldes ham, enten det befinner seg i himmelen eller på jorden, enten vi kan iaktta det med våre sanser, eller det ligger utenfor det vi kan sanse, “det synlige og det usynlige”. Alt er i sin opprinnelse skapt “i” Kristus, “ved” Kristus og “til” Kristus. Det vil si at hele skaperverket dreier seg om Kristus alene.

Tidlegare sitat:

(notatet er oppdatert 11.01.2009)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: