Paulus om einskap i trua

I kyrkja er det ein grunnleggjande einskap mellom menneske som trur på Jesus. Eit godt eksempel på det er forsamlinga som tar imot nattverden i ei vanleg gudsteneste. Dette fellesskapet er sett saman av menneske som tar imot noko dei treng, på tvers av alle moglege menneskelege skilje. Her betyr ikkje alder, kjønn, sosial posisjon, politiske meiningar eller kulturell bakgrunn noko. Alle er likeverdige i dette fellesskapet. Her kan f eks ein lærar og og ein elev knela ved sidan av kvarandre fordi dei begge trur på Jesus og vil ta imot av hans gåver.

Denne grunnleggjande einskapen kan førast tilbake til Jesus og hans opne måte å møta menneske på. Og me finn den dokumentert i dei første kristne fellesskapa som er omtalte i NT.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT. Me har nå kome til Galatarbrevet, og sitatet denne månaden handlar nettopp om einskapen i trua:

De er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus. Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden. (Gal 3,26-29)

Kommentarane til bibelomsetjarane i NTR 1 seier:

I disse versene gjengir Paulus antakelig en del av et dåpsrituale som ble brukt i menighetene. Paulus minner dem om det som ble sagt til dem ved dåpen. Slik vil han få fram at de ikke lenger er under loven. De har i stedet “kledd seg i” Kristus. Det er mulig at de døpte etter dåpen ble kledd i en kappe, som tegn på at de var rene og hadde fått et nytt liv.

Sitatet er henta frå den undervisande delen av Galatarbrevet og dannar avslutninga av eit større avsnitt (v. 11-29) der Paulus skriv om at forholdet mellom Guds løfte (lovnadar) og Guds krav (lova). Hovudsynspunktet hans er at løftet står over lova. Guds løfte om frelse og velsigning blei på grunnleggjande vis gjeve til Abraham i den gamle pakta. Lova blei gjeven fleire hundre år seinare og var tidsavgrensa, ho skulle bare gjelda “til den ætta kom som lovnaden gjaldt“, altså til Kristus kom (v. 19).

Paulus skriv vidare om at me nå lever i trua si tid og at me nå gjennom trua og dåpen blir tatt opp i eit nytt fellesskap som er bygd på arva frå Abraham. Dette nye fellesskapet, kyrkja, består av jødar og ikkje-jødar, av folk frå ulike sosiale lag og av kvinner og menn. Her gjeld ikkje gamle skilje, verken av den eine eller andre art. Det er trua som held fellesskapet saman.

Tidlegare sitat:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: