Paulus om ånd, sjel og kropp

logo_anno_paolino2Uttrykket ånd, sjel og legeme som skildring av mennesket som ein heilskap, har følgt meg heilt sidan barndomen. Eg møtte dette uttrykket i KFUM-speidararbeidet i Ynglingen i Stavanger. Sjølv om eg nå ikkje lenger er aktiv i KFUM, er eg utruleg glad for den påverknaden eg fekk som menneske og kristen i dette miljøet. KFUM har henta uttrykket frå NT, nærare bestemt frå Paulus’ første brev til tessalonikarane.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Januarsitatet er frå 1. Tess, og eg vel meg sjølvsagt verset som eg lærte å kjenna som ung speidar. I den bibelomsetjinga som eg nå les, brukar ein ordet kropp i staden for legeme/lekam:

Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! (1. Tess 5,23)

Korleis har uttrykket ånd, sjel og kropp blitt forklart i KFUK-KFUM?

Eg har i kveld funne fram til 3. Gradsheftet frå 1980-talet, eit hefte som eg sjølv var medredaktør i. Tredjegraden var speidarprogrammet for gutar i 11-12års alderen, og under overskrifta KFUM-speiderkunnskap, finn me følgjande forklaring på trekanten i KFUM-speidermerket:

Hjørnene i trekanten kan minne oss om ansvaret vårt overfor Gud, vår neste og oss selv, spissen peker mot oss og understreker ansvaret. Sidene i trekanten kan også symbolisere ånd, sjel og legeme:

– ånd – det som gjør at vi kan tro på Gud
– sjel – våre tanker og følelser, det som gjør oss til mennesker
– legeme, kropp – det vi kan ta på eller føle (f eks blod, pust)

Trekanten minner oss om at dette hører sammen, er en enhet. Et riktig KFUM-arbeid har noe både for ånd, sjel og kropp. Når Gud har skapt oss slik, er det for at vi skal utvikle alle sider ved oss selv og ikke bare satse på en eller to.

Tidlegare sitat:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: