År 2008 etter Kristus

Ei lærebok i RLE har tatt bort før Kristus og etter Kristus som omgrep i tidsrekninga. Nå er det etter vanleg tidsrekning som gjeld! Dette fordi faget skal vera religionsnøytralt.

Vårt Land skriv om dette i dag i artikkelen Kaster Kristus ut av tidsregningen.

Det er ikkje første gong eg møter dette. Eg ser det f eks i Biblical Archaeology Review (siste nr kom i posten i går og det er alltid ein fest!). Ved sidan av innhaldslista står følgjande notis:

A Note on Style

B.C.E. (Before the Common Era) and C.E. (Common Era) used by some of our authors, are the alternative designations often used in scholarly literature for B.C. and A.D.

Det er ingen god grunn til at skulen i Norge skal slutta å nytta før Kristus og etter Kristus i tidsrekninga, verken i RLE eller i andre fag! Eg meiner det er fullt mogleg å halda fast på to ting samtidig:

  1. Norge er eit land som tilhøyrer den kristne kulturen.
  2. Nettopp den kristne kulturen gjer at me vil vera opne for menneske med ei anna tru og møta dei med respekt.

Det siste punktet betyr at me ikkje treng gje slepp på vår eigen kulturelle ståstad for å kunna møta menneske av anna tru på ein respektfull måte. Det er etter mitt skjønn verken naturleg eller nødvendig å innføra ein religionsnøytral tidsrekning.

Eg meiner forresten også at det var eit feilgrep å innføra det religionsnøytrale faget RLE i skulen. Men det er ei anna sak.

Når eg skriv dette siste, fryktar eg å bli tatt til inntekt for framandfrykt og ei negativ haldning til innvandring. Det ville i så fall vera å misforstå meg fullstendig. Eg meiner at den kristne trua og den universelle kristne kyrkja gir eit svært godt utgangspunkt for å ha ei opa haldning til menneske med ein annan bakgrunn. Til dette temaet vil eg gjerne anbefala bror Arnfinn sin velskrivne og utfordrande artikkel Brunt, kvitt og blått i Klassekampen i dag, gjengjeve på bloggen hans.

Me kan trygt visa til Kristus og halda fast på at me lever i år 2008 etter Kristus.

3 svar til År 2008 etter Kristus

  1. Wenche Haugen Havrevoll seier:

    Læreverket er “Vi i Verda”, Cappelen.
    Viss f.v.t. som dei her skriv, skal tyda før vår tidsrekning innfører forlaget ein heilt ny definisjon på ordet tidsrekning.

    Nynorskordboka: “måte å rekne og inndele tida på vår kristne t- / den jødiske t-a / i uttr: no kan vi innføre ei ny t- sagt når det kjem noko epokegjerande”

    Bokmålsordboka: måte å beregne og inndele tiden på vår t- begynner med Kristi fødsel

    Før vår tidsrekning vil då seia: før vår måte å rekna og inndela tida på!

    Då eg såg f.v.t. brukt i læreboka, tenkte eg at det måtte tyda: før vår tid. Også det eit heilt ubrukeleg uttrykk.

    Å bruka f.v.t. i staden for f. Kr. vil vera å tilsløra bakgrunnen for vår måte å rekna tida på. Det kan ikkje vera i tråd med (den nye) læreplanen der det m.a. heiter :
    Religion, livssyn og etikk som allmenndannende fag skal bidra til felles kunnskapsgrunnlag og referanserammer, bidra til ny innsikt og gi rom for dialog tilpasset de ulike alderstrinn.

    Eg ringte til forlaget og spurde om forklaring på dette uttrykket i sist veke. Dei sa eg skulle få svar i e-post. Eg er spent!

    Det blir interessant å høyra kva språkrådet seier til denne nye “måten”.
    Rart at ikkje dette har kome opp før. Boka er ikkje ny i år. Kanskje har eg berre ikkje registrert det før eg har begynt å bruka boka sjølv. Eller kanskje er lærarar – og foreldre sløve….

  2. Wenche Haugen Havrevoll seier:

    Retting: Nå ser eg at Vårt Land skriv “før ‘vanleg’ tidsrekning” og ikkje “før ‘vår’ tidsrekning”. Men det går ut på det same.

    Burde i det heile ha lese betre korrektur, ser eg.

  3. Harald Gunnar Varland seier:

    For meg verkar det mest som at det er redsel for å nemna namnet Kristus som her kjem til overflata. Den overdrivne nøytraliseringsomtanken har fått endå eit utslag. At lærebokforfattarar då endar opp med å gjera seg fordøyelige på dette viset, kan eg skjøna ut frå omsyn til markedet, og politisk korrekthet. Ein måte å gå klar endelause meiningsutveksling, kor HeF utan grunn sjølsagt får mest merksemd
    Kanskje skal me begynne å skrive dato med tilvising, for å markera.
    Kvernaland, den 18.sept. 2008 e. Kr.
    Harald Gunnar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: