Paulus om GT

paulusaretlogo_anno_paolino1Det gamle testamentet var sjølvsagt “Bibelen” for Jesus og dei første kristne. Dei levde i ein jødisk samanheng og dei heilage skriftene var heilt grunnleggjande for dei. Dei nye skriftene frå det første hundreåret e. Kr. fekk noko seinare same status og kyrkja definerte då kva som høyrde til i Det nye testamentet.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Me har nå kome til pastoralbreva, dvs 1. og 2. brev til Timoteus og brevet til Titus.
Aprilsitatet er ei utsegn om dei heilage skriftene i 2. Tim:

Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning. (2. Tim 3,14-17)

Dette avsnittet seier ein heil del om koss Paulus og hans generasjon kristne såg på skriftene i Det gamle testamentet. Eg noterer nokre viktige punkt her:

  1. Skriftene i GT kan gje visdom til frelse ved trua på Jesus. Det vil seia at GT peiker framover mot Jesus Kristus og kan skapa tru på han som den Messias som GT taler om.
  2. Skriftene i GT er inspirert av Gud. Uttrykket som blir brukt er theopneustos (bare brukt her i NT) og dette blir omsett med innanda / innblåst av Gud.
  3. Skriftene i GT har stor tyding for dei kristne, ved at dei er nyttige til “opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd”. Desse skriftene er med og gir den ballasten som dei kristne treng så dei kan bli “fullt utrusta til all god gjerning”.

Tidlegare sitat:

2 svar til Paulus om GT

  1. […] 09: 2. Tim 3,14-17 om […]

  2. […] 09: 2. Tim 3,14-17 om […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: