Paulus om slaven Onesimos

logo_anno_paolino1Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus.”  Slik skriv Paulus i Galatarbrevet (3,28). Dette må ha vekt oppsikt på den tida, både når det gjaldt etnisitet, samfunnsorden og kjønnsperspektiv. Her vil eg ta opp det som kanskje kjennest fjernast i vår samanheng; haldninga til slaveriet.

Det siste året har vore eit økumenisk Paulusår, og eg har markert det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT. Me har nå kome til det siste av desse breva; Paulus sitt brev til Filemon. Junisitatet er henta frå Fil 10-12, der Paulus bed for den rømde slaven Onesimos til slaveeigaren Filemon:

… eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos. Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig for både meg og deg. Når eg no sender han tilbake til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarte.

Bakgrunnen for brevet til Filemon er truleg at Onesimos hadde rømt frå eigaren Filemon som budde i byen Kolossai. Under flukta hadde han kome i kontakt med Paulus, som sat i fengsel, og blitt kristen. Ikkje bare det; han hadde blitt ein kjær medarbeidar for Paulus (“som om eg sender mitt eige hjarte”). Men apostelen var innstilt på å følgja samfunnet sine ordningar og kjende seg dermed forplikta på å senda rømlingen tilbake til eigaren. Problemet med å gjera dette var at ein slaveeigar som fekk returnert ein rømt slave, kunne straffa vedkomande hardt.

Me veit ikkje om Filemon var kristen då Onesimos rømde, men på det tidspunktet Paulus skreiv brevet han ville senda med Onesimos, var Filemon ein av leiarane blant dei kristne i Kolossai.

Paulus ville gjerne anbefala Onesimos for Filemon. Han meinte at slaveeigaren nå burde sjå på Onesimos meir som ein kristen bror enn som ein slave og foreslo i vage ordelag at han kanskje burde bli ein fri mann. Paulus sin bruk av orda unyttig/nyttig i teksten har bakgrunn i at namnet namnet Onesimos betyr nyttig og at Paulus her utnytta dette språklege poenget.

Brevet til Filemon blei skrive av Paulus mens han sat i fengsel, anten i Efesos i år 54-55 eller i Roma ca år 60. Brevet har nær samanheng med Kolossarbrevet, som truleg blei skrive samtidig. Begge breva blei i så fall sendt med Onesimos til Kolossai (Kol 4,7-9).

Det er interessant å merka seg at brevet til Filemon opp gjennom historia har blitt brukt både av dei som forsvarte slaveriet og av dei som kjempa mot denne samfunnsordninga! Sett frå min ståstad er det opplagt at Paulus med sin likskapstanke (jfr Gal 3,28 som blei sitert innleiingsvis) legg grunnen for ei forståing som gjer slaveriet uhaldbart, sjølv om han i den aktuelle situasjonen sende Onesimos tilbake til Filemon.

Det må også nemnast at me ikkje veit koss det gjekk med Onesimos.

2 svar til Paulus om slaven Onesimos

  1. […] 09: Fil 10-12 om slaven […]

  2. […] 09: Fil 10-12 om slaven […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: