kategoriar
Arkeologi Israel og dei palestinske områda

Kyrkjefunn frå bysantinsk tid

A church that dates to the Byzantine period which is paved with breathtakingly beautiful mosaics and a dedicatory inscription was exposed in an archaeological excavation the Israel Antiquities Authority is conducting near Moshav Nes-Harim, 5 kilometers east of Bet Shemesh (at the site of Horvat A-Diri), in the wake of plans to enlarge the moshav.

Slik startar Israel Antiquities Authority si entusiastiske pressemelding i dag om eit nytt kyrkjefunn frå bysantinsk tid i Israel. Staden Nes Harim ligg i høgdedraga utanfor Jerusalem. Regionen var ein del av det kristne bysantinske riket i over 300 år. Historia om denne perioden (325-638) er både viktig og interessant, og slike funn er med og gjev ny kunnskap om den rike kristne kulturen i Midt-Austen i tida før muslimane kom hit i 638.

Arkeologen Daniel Ein Mor, som har leia utgravingane, seier blant anna:

We know of other Byzantine churches and sites that are believed to be Byzantine monasteries, which are located in the surrounding region. The excavation at Nes-Harim supplements our knowledge about the nature of the Christian-Byzantine settlement in the rural areas between the main cities in this part of the country during the Byzantine period, among them Bet Guvrin, Emmaus and Jerusalem.

Les heile pressemeldinga herHaaretz har også ein liten omtale av funnet her.

(via Jim West)

kategoriar
Jordan Kyrkjehistorie Oldkyrkja

Bilete frå kyrkjefunnet i Rihab

Vårt Land har lagt ut ein serie bilete frå funnet av det som har blitt kalla «den eldste kyrkja i verda» her. Les om funnet her.

kategoriar
Bibelsk arkeologi, historie og geografi Jordan Kyrkjehistorie Oldkyrkja

Den eldste kyrkja i verda?

Den siste veka har eit arkeologisk funn i Rihab, nord i Jordan, vekt stor interesse. Og dersom dei opplysningane som har kome fram, er korrekte, er dette absolutt eit interessant funn. Det dreier seg om ei grotte som ligg under kyrkja St Georgeous (ikkje St Gregorius, slik NTB og dermed norske aviser har skrive). St Georgeouskyrkja blir datert til år 230, noko som er svært gamalt til kyrkjer å vera. Og grotta, som ligg under kyrkja og som truleg er enda eldre, inneheld blant anna ein apsis som gjer at arkeologane identifiserer også den som ei kyrkje.

Det spesielle med offentleggjeringa av dette funnet, er at arkeologane går ut med uvanleg store ord og seier at dei har funne den eldste kyrkja i verda, at ho er frå perioden mellom år 33 og 70 og at dei har teikn som tyder på at ho gav ly for forfulgte kristne på flukt frå forfølgingar i Jerusalem. Ja, dei seier til og med at kyrkja er grunnlagt av «dei 70», ei utvida gruppe med disiplar av Jesus.

Eg tar med litt frå Vårt Land sin versjon av den aktuelle NTB-meldinga, som igjen byggjer på BBC NEWS:

Er ruinene som nylig ble avdekket i Jordan virkelig restene av verdens eldste kirkebygning? Noen arkeologer tror det, andre er mer skeptiske – men alle jubler over funnet.

Restene av det som kan være en nesten 2.000 år gammel kirke er funnet i det nordlige Jordan nær grensen mot Syria. De lå begravd under en nyere kirke, St. Gregorius, som ble bygd rundt år 230 etter Kristus, og må derfor være eldre enn denne.

– Vi har gjort funn som tyder på at denne kirken ga ly til de første kristne – til 70 av Jesu egne disipler, sier den jordanske arkeologen Abdul Qader al-Husan ifølge nyhetsbyrået AFP. Disse disiplene skal ha flyktet fra forfølgelser i Jerusalem.

Ifølge al-Husans teori grunnla disiplene flere kirker i det som i dag er staten Jordan. I en mosaikk i bygningsrestene som nå er funnet, beskrives grunnleggerne som «de 70 som var elsket av Gud og guddommelige». (les meir)

Arkeologane har den siste veka oppnådd akkurat det dei ville. Kyrkjefunnet har blitt kjent over heile verda. Nyheten nådde f eks via BBC og NTB heilt fram til Stavanger Aftenblad (papirutgåva 16.06). Samtidig har dei sjølvsagt blitt motsagt av mange fagfolk, for her har nokon truleg trekt hypotesane sine altfor langt og altfor fort, slik at det heile framstår som useriøst.

BiblePlaces Blog siterer forskaren Jerome Murphy-O’Connor:

«Pushing the (date) back to the year 70 is very speculative. (The Jordanians) are desperate to create church sites (for tourism). I would be suspicious of this sort of hype.» (Les meir, – bloggen har også ei lenke til ei større samling lenker til saka).

MSN har ein artikkel frå The Associated Press der den skeptiske historikaren S. Robert Parker blir sitert:

The cave is under St. George’s Church, which some believe was built in the year 230, though the date is widely disputed. That would make it one of the oldest churches in the world, along with one unearthed in the Jordanian southern port of Aqaba in 1998 and another in Israel discovered in 2005.

(…)

S. Thomas Parker, a historian at North Carolina State University who led the team that discovered the church in Aqaba, said that while he hadn’t seen the Rihab site, any such claim should be taken with a degree of caution.

“An extraordinary claim like this requires extraordinary evidence,” he said. “We need to see the artifacts and dating evidence to suggest such an occupation in the 1st century A.D.”

Parker asked how archaeologists could be certain whether the “cave was actually a center of Christian worship.”

The archaeologist also noted that mosaics are difficult to date unless there is a precise date in the text of the mosaic inscriptions themselves. Typical mosaic inscriptions with Christian themes are from the 5th to 6th century.

“It’s quite possible that there was a cave with earlier occupation which was later converted to Christian use. But to make the jump that this was actually used by Christians fleeing Jerusalem in the 1st century A.D. seems like a stretch to me,” Parker said. (les meir)

Eg syns funnet av den gamle grottekyrkja i Rihab er altfor interessant til at det skal bli «øydelagt» av useriøse teoriar og store ord som det ikkje er dekning for. Eg håper derfor det vil koma meir nøkterne rapportar som fortel meir om kyrkja.