Kyrkjefunn, Aluma i Israel

25/01/2014

Denne veka har israelske arkeologar presentert eit nytt kyrkjefunn frå bysantinsk tid. Funnet er gjort i Aluma, 50 km sør for Tel Aviv.

Eg syns det er interessant å følgja med i pressemeldingane frå Israel Antiquities Authority (IAA). Det er mange arkeologiske utgravingar i Israel kvart einaste år, og mange av funna kan relaterast til Bibelen eller den eldste kristne kyrkja.

Kyrkja som nå er funnen, er ca 1500 år gamal. Den er relativt stor, 22 x 12 meter. Det er gjort interessante funn av mosaikk med kristen symbolikk i kyrkjegolvet. Dei viktigaste mosaikkane vil bli stilt ut for publikum, elles vil funnet av kyrkja og staden bli dekt til igjen og bevarast for seinare generasjonar.

Live Science skriv om funnet i artikkelen: Ancient Church Mosaic With Symbol of Jesus Uncovered in Israel.

Her er eit utdrag frå IAA si pressemelding:

Discovery of a major church with a splendid mosaic from the Byzantine period

(…)

Impressive archaeological finds including a major church some 1,500 years old with a magnificent mosaic and five inscriptions were uncovered during Israel Antiquities Authority salvage excavations, prior to the construction of a new neighborhood at Moshav Aluma in Shafir Regional Council, near Pelugot Junction.

(…)

An impressive basilica building was discovered at the site, 22 meters long and 12 meters wide. The building consists of a central hall with two side aisles divided by marble pillars. At the front of the building is a wide open courtyard (atrium) paved with a white mosaic floor, and with a cistern. Leading off the courtyard is a rectangular transverse hall (narthex) with a fine mosaic floor decorated with colored geometric designs; at its center, opposite the entrance to the main hall, is a twelve-row dedicatory inscription in Greek containing the names Mary and Jesus, and the name of the person who funded the mosaic’s construction.

Les meir

Advertisements

Kathisma-kyrkja

19/03/2012

Den bysantinske kyrkja Kathisma låg ved vegen mellom Jerusalem og Betlehem, ved det som i dag heiter Hebron Road (nær Eliaklosteret). Kyrkja var bygd på 400-talet på ein stad der Maria i følgje tradisjonen sette seg og kvilte på veg til Betlehem. Kathisma (καθισμα) betyr sete.  Tradisjonen kjem frå Jakobs protevangelium.

Sjå omtale av kyrkja her.

Tidsskriftet «Atiqot har nå ein artikkel om dei siste utgravingane som er gjort på staden. Artikkelen kan kjøpast online. Her er omtale av artikkelen på «Atiqot si nettside:

The Upper Aqueduct to Jerusalem, the Church of the Kathisma and Other Remains near Hebron Road, Jerusalem (with a contribution by Gabriela Bijovsky)

(Hebrew, pp. 69*–90*; English summary, pp. 160–162)

Ya‘akov Billig

Keywords: Water system, Christianity, agriculture, burial, numismatics, chronology

Sections of the Upper Aqueduct to Jerusalem were revealed while widening Hebron Road in Jerusalem, enabling a better understanding of its original route and date. Most of the finds scattered on surface level near the aqueduct—mainly pottery and coins—dated to the Late Roman and Byzantine periods; finds dating to the First and Second Temple periods were found as well. Other elements discovered during the excavation and surveys in the area include: agricultural terraces, burial caves, a winepress, a cistern and a quarry. In the surveyed area, at the site of Bir Qadismo, were numerous finds scattered on the surface, which pointed to the presence of a large public building, possibly a church from the Byzantine period: ashlars, column fragments, a pedestal, marble items, roof tiles and a colorful mosaic floor. These were identified as the remains of the Church of Kathisma Palaeon.


Jerusalem 614-638 e.Kr.

06/05/2011

24 dramatiske år førte til store endringar i Jerusalem på 600-talet. Byen hadde då vore under bysantinsk (kristent) styre sidan 325.

I 614 kom ein persisk hær og inntok byen. Dette førte blant anna til massakrar og riving av kyrkjer.

Byen blei erobra tilbake av den bysantinske keisaren Heraklios i 629. Bare ni år etter dette kom den muslimske invasjonen som førte til mange hundre års muslimsk styre.

Eg tar med eit eksempel på øydeleggingane under invasjonen i 614: Kyrkja Hagia Sofia var bygd på 400-talet på staden der tradisjonen sa at Jesus blei dømt til døden. Kyrkja låg i Tyropoiondalen, truleg i nærleiken av det som i dag blir kalla Vestmuren eller Klagemuren.

Kyrkja blei først kalla Pilatuskyrkja, men skifta nok namn fordi det kjendest unaturleg at Pilatus skulle gje namn til ei kyrkje. Hagia Sofia tyder den heilage visdomen. Eg ser for meg at kyrkja fekk dette namnet fordi Jesus her stod som Guds visdom i møte med verda sin visdom.

Kyrkja blei totalt øydelagt av persarane og er i dag først og fremst kjent frå tekstar skrive av kristne pilegrimar på 500-talet.

Professor Isaiah Gafni har skrive ein kort, men informativ artikkel om perioden 614-638:

Palestine under Persian, Byzantine and Arab Rule 24 years, 3 empires, and 1 new faith in Palestine The early decades of the seventh century C.E. comprised one of the most eventful periods in the history of the Land of Israel. Within 24 years, between 614 and 638, the country changed hands three times. The four-centuries long conflict between Rome and Persia was to come to an end in a final collision of the Byzantine and Sassanid armies. Both these powers had attained great victories and suffered terrible defeats, and as they continued to enfeeble each other, they gave way to the rise of a new power, the Islamic forces, which would drive them both out of the region. The two monotheistic religions claiming Palestine as their holy land were joined by a third faith, newly born and extraordinarily vigorous. The Muslim conquest was destined to shape the character of the entire Middle East for the following thirteen centuries, down to this very day. Les meir


Bysantinsk by på Naxos

20/02/2011

Frå steinhaug til festningsby

Ein ukjent by frå bysantinsk tid blei i fjor undersøkt av norske arkeologar. Teamet skal halda fram med undersøkingane. I dag (20.02.2011) held arkeologen Håkon Ingvaldsen, som har leia arbeidet, foredrag om funnet i Oslo. Foredraget på Historisk Museum har tittelen Fra steinhaug til festningsby.

Vårt Land (papiravisa 18.02) hadde ein notis om saka. Dei skriv at det også blir opna ei utstilling om funnet i dag. Historisk Museum sine nettsider informerer bare om foredraget.

Ingvaldsen fortel til Vårt Land:

En stor havneby vokste fram og ble øyas midtpunkt i nesten 1.000 år. Innbyggerne forsvant imidlertid fra denne byen for tusen år siden eller mer,  vi vet ikke hvorfor, men en ny hovedstad ble reist bak massive festningsmurer på toppen av en klippe (…) At byen ble forlatt og bygget opp igjen et annet sted, tyder på at øyboerne på et tidspunkt sto over for en alvorlig og langvarig trussel. (…) Våre undersøkelser har reist flere spørsmål enn svar, men vi har fått holdepunkter for enkelte teorier om den mystiske festningsbyen og hva som kan ha [sic!] befolkningen på denne største øya i Kykladene, sier Ingvaldsen.


Kyrkjefunn frå bysantinsk tid

11/03/2009

A church that dates to the Byzantine period which is paved with breathtakingly beautiful mosaics and a dedicatory inscription was exposed in an archaeological excavation the Israel Antiquities Authority is conducting near Moshav Nes-Harim, 5 kilometers east of Bet Shemesh (at the site of Horvat A-Diri), in the wake of plans to enlarge the moshav.

Slik startar Israel Antiquities Authority si entusiastiske pressemelding i dag om eit nytt kyrkjefunn frå bysantinsk tid i Israel. Staden Nes Harim ligg i høgdedraga utanfor Jerusalem. Regionen var ein del av det kristne bysantinske riket i over 300 år. Historia om denne perioden (325-638) er både viktig og interessant, og slike funn er med og gjev ny kunnskap om den rike kristne kulturen i Midt-Austen i tida før muslimane kom hit i 638.

Arkeologen Daniel Ein Mor, som har leia utgravingane, seier blant anna:

We know of other Byzantine churches and sites that are believed to be Byzantine monasteries, which are located in the surrounding region. The excavation at Nes-Harim supplements our knowledge about the nature of the Christian-Byzantine settlement in the rural areas between the main cities in this part of the country during the Byzantine period, among them Bet Guvrin, Emmaus and Jerusalem.

Les heile pressemeldinga herHaaretz har også ein liten omtale av funnet her.

(via Jim West)


%d bloggarar likar dette: