Nasaret

Søndag 26. mars (2006) er det Maria Bodskapsdag. Dagen blir alltid markert den søndagen som er nærast ni månadar før jul. NT fortel at Maria fekk bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus i Nasaret, og at det var engelen Gabriel som kom til henne med den spesielle helsinga frå Gud: “Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud. Høyr! Du skal bli med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus.” (Du kan lesa heile historia i Luk 1,26-38)

Oppdatering: Eg har nå i 2014 lese gjennom dette notatet frå 2006. Eg har vore mange gonger i Nasaret etter at eg skreiv dette, men notatet står seg likevel som ei skildring av eit besøk i byen. Bilda måtte eg fjerna, då dei ikkje hadde overlevert konverteringa til wordpress som eg foretok etter at notatet var skrive.

Les nyare bloggnotat med tilknyting til Nasaret her.

I dag står det ei stor og moderne kyrkje (biletet) i sentrum av Nasaret til minne om denne hendinga. Den opne plassen framfor kyrkja (bak gjerdet på biletet) har dessverre vore gjenstand for mykje strid dei seinare åra fordi muslimar i byen ville byggja ein stor moske her. Dette er, så vidt eg veit, nå blitt endeleg stoppa pga at plassen ligg like ved kyrkja. Bebudelseskyrkja blir rekna for den tredje viktigaste kristne kyrkja i Israel, etter Gravkyrkja i Jerusalem og Fødselskyrkja i Betlehem.

Den moderne byen Nasaret er i hovudsak ein arabisk by. Det er få jødar i denne byen, sjølv om den altså er ein israelsk by. Tradisjonelt har Nasaret vore befolka av kristne arabarar, men det blir sagt at dette biletet nå endrar seg, og at den muslimske befolkninga er i ferd med å bli i fleirtal.

Bebudelseskyrkja blei bygd på 1960-talet og er den største kyrkja i Midt-Austen. Kyrkja har kyrkjerom i to etasjar og er bygd slik at ho omsluttar og nærast beskytter dei arkeologiske utgravingane som er gjort på staden. I det nedre kyrkjerommet er det nedgang til ei grotte som etter tradisjonen skal vera staden der Maria fekk bodskapen frå Gud.

Eg syns det er flott å koma til Bebudelseskyrkja. Over hovudinngangen er det skrive eit sitat frå Johannesevangeliet som fortel om betydninga av Jesu kome: “Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss” (Joh 1,14). Kyrkja har elles ei stor og interessant samling bilete av Maria med barnet. Det er bilete frå heile verda, og Maria og barnet ser ut som dei kjem frå ulike verdsdelar og kulturar, avhengig av kor bileta kjem frå!

Nasaret var på Jesu tid ein liten landsby. Det er sjølvsagt vanskeleg å vita kor stor befolkninga var. Nokre forskarar reknar med at det bare budde 120-150 menneske der, andre stadar blir det sagt ca 500.

Som ein kuriositet kan eg jo også ta med dette: Eg er blitt gjort merksam på at det er nokre som faktisk hevdar at Nasaret ikkje fanst “på Jesu tid”. Desse lever også i den tru at Jesus heller aldri har levd, – altså at Det nye testamentet si historie er ein konstruksjon. For å seia det enkelt: Eit slikt synspunkt slit med å bli akseptert av vanleg og seriøs historisk forsking!

Galilea var blitt befolka det siste hundreåret f.Kr. etter fleire hundre år med liten befolkning i området. Bare 6-7 km unna låg Sepphoris som var hovudstaden i Galilea, og den byen var under oppbygging på Jesu tid. På biletet står eg og ser utover utgravingane i Sepphoris. Det er mange som tenkjer seg at Jesus, som vaks opp som son av ein bygningsmann, hadde arbeidet sitt i denne byen i oppveksten.

Det var i Nasaret Jesus stod fram og forkynte. Ein gong han var i synagogen i byen (ja, det var faktisk ein synagoge der, sjølv om det var ein så liten landsby) forkynte han med utgangspunkt i ein tekst frå profeten Jesaia at profetiane talte om han sjølv. Dette førte til at han blei avvist frå heimstaden sin. I den samanhengen er det me har uttrykket “Ingen profet er velkomen på heimstaden sin” (Luk 4,24).

Då eg var innom Nasaret ifjor, besøkte me Nazareth Village, ei utstilling som viser koss det kan ha vore i Nasaret då Jesus vaks opp. Dei har bygd opp ein heil landsby der dei demonsterer koss husa såg ut, koss folk var kledd (biletet), koss Josef sin tømmermannsverkstad kan ha vore utstyrt, koss synagogen såg ut og koss dei dreiv jordbruk, bl a med vingardar og olivenoljeproduksjon. Staden er bygd opp på eigedomen til Nazareth YMCA, kanskje den einaste grøne flekken som er att i sentrum av byen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: