Paulus om Guds frelsesvilje

logo_anno_paolino1Er det slik at Gud har bestemt kven som skal bli frelste? Det finst bibeltekstar som kan forstås slik, og det finst kristne som held fast på ein tanke om at det er bestemt på førehand kven som skal og kven som ikkje skal bli frelste. Men Bibelen inneheld også tekstar som heilt tydeleg seier at Guds frelsesvilje er universell, at den gjeld alle menneske.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Me har nå kome til pastoralbreva, dvs 1. og 2. brev til Timoteus og brevet til Titus. Marssitatet er ei utsegn om Gud i 1. Tim.

Paulus skriv:

… han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

Dette er henta frå eit avsnitt om dei kristne si forbønsteneste, der forbøna blir grunngjeven i at Guds frelsesvilje gjeld alle menneske:

Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

For Gud er éin,
og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,
mennesket Kristus Jesus,
han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.

(1. Tim 2,1-6a)

Omtalen av Gud som vår frelsar, er typisk for pastoralbreva sitt gudsbilete (jfr 1. Tim 1,1 og 1,15). Dette i følgje Martin Synnes, ein av lærarane eg hadde då eg studerte teologi. Synnes har skrive ein kommentar til 1. Tim der han skriv slik om denne teksten:

Menighetens omsorg for alle mennesker har sin grunn i Guds vilje og ønske om å frelse alle. Menigheten er med sitt nærvær i verden, i sin forkynnelse og i sin praksis, forpliktet på dette. Hermed har ikke pastoralbrevene sagt at alle skal bli frelst. Guds frelservilje sikter mot at ethvert menneske må nå frem til å kjenne sannheten.

(M. Synnes: Vakthold om den skjønne skatt, 1996, s 127)

Tidlegare sitat:

4 svar til Paulus om Guds frelsesvilje

  1. Bjørn Mathiesen seier:

    Fant kommentarene dine nyttige under prekenforberedelse til 1. Tim 2,1-6a.Berikende stoff på sidene dine og visuelt godt utformet også. Takk.

  2. Arne seier:

    Bjørn: Flott at du fann noko som kunne vera til nytte! Og takk for positiv tilbakemelding på bloggen.

  3. […] 09: 1. Tim 1,1-6a om Guds […]

  4. […] 09: 1. Tim 1,1-6a om Guds […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: