Kontroversielt om essearane

QumranDen israelske professoren Rachel Elior har vekt oppsikt med svært kontroversielle teoriar om opphavet til Dødehavsrullane. Eg har tidlegare skrive om at dette er eit tema for debatt. Nå blussar denne debatten opp igjen. Eliot hevdar at essearane truleg aldri har eksistert og at Dødehavsrullane truleg har bakgrunn blant saddukearane i Jerusalem.

Biletet viser ei av holene i Qumran, der Dødehavsrullane blei funne.

Morgenbladet har denne veka ein artikkel som gir informasjon om Elior sitt kontroversielle utspel:

I mer enn 60 år har historikere ment at «forfatterne» bak Dødehavsrullene var essenerne, en mystisk sekt fra i fjellene i Qumran. Der, ved nordenden av Dødehavet, levde de et asketisk liv og nedtegnet sine religiøse erfaringer. Nå møter denne bredt aksepterte teorien motstand, nærmere bestemt av Rachel Elior, professor i jødisk tenkning ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem. For ifølge Elior har essenerne trolig aldri eksistert. Og dermed har også det hun kaller et av det 20. århundrets mest betydningsfulle arkeologiske funn – Dødehavsrullene – et helt annet opphav. (Les meir)

Oppdatering: Sjå grundigare omtale på to gode bloggar:

Oppdatering II: Torleif Elgvin, norsk ekspert på Dødehavsrullane, uttaler seg om Eliors teoriar i Vårt Land 28.03.2009 (papirutgåva). Han hevdar at teoriane er usannsynlege og at Elior manglar kompetanse på forsking om Dødehavsrullane.

Her er eit utdrag:

– Ho har ikkje studert det arkeologiske materialet. Arkeologiske funn bind holene der skriftrullane vart funne til busetningane like ved. Ein har to typar krukker som er funne både i holene og i busetningane like ved, som ikkje er funne nokon annan stad, argumenterer Elgvin.

– Korleis blir Eliors synspunkt motteke blant forskarar i Israel?

– Ho er ein outsider i fagmiljøet og svært få er overbevist av teoriane hennar. Eg meiner ho trakkar i eit bedd ho ikkje har greie på.

– Kor viktig er det å vite kven som har skrive daudehavsrullane?

– Uansett korleis ein konkluderer om forfattarskap, er bokrullane unike kjelder til dei jødiske miljøa som gir oss bakgrunnen til Jesus og den første kristne kyrkja, seier Elgvin.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: