Fest i Guds hus

Det har vore ein spesiell dag for meg. Kyrkjelyden hadde invitert til avskjedsgudsteneste sidan eg har slutta som prest her på Bryne. Me feira adventsmessa Fest i Guds hus av Eyvind Skeie og Geir Knutson. Kyrkja var full av folk og vel så det. Mange barn, unge og vaksne hadde øvd inn musikk, songar og drama som høyrer med i denne flotte messa. Her er eit av versa i opningssongen. Den blei sungen av juniorkonfirmantane i kyrkja:

Advent er lilla, advent gir ro.
Advent har lengsel. Advent har tro.
Advent er veien, fram mot et sted
der vi skal knele i glede og fred, glede og fred.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med talar og helsingar med
mange gode ord. Det blei helst ei sterk oppleving. Då eg kom heim, sov
eg middag i over to timar. Det var både nødvendig og godt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.