Ramaskrik

28. desember blir markert som Dei uskuldige barna sin dag. Den kristne tradisjonen fokuserer denne dagen spesielt på historia om at Herodes den store drap barna i Betlehem for å rydda Jesus av vegen.
Bibelhistoria finn me hos evangelisten Matteus (Matt 2,16-18):

Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

Eit rop høyrest i Rama
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.

Eg har lese at det kan ha vore om lag 20 barn som blei drepne i denne terroraksjonen. Dette er sjølvsagt eit høgst usikkert tal, men skal vera rekna ut på grunnlag av estimert folketal i Betlehem på den aktuelle tida (Gunnar Johnstad: Håndbok til Det nye testamentet, s 22).

Det er forresten frå denne bibelteksten me har uttrykket ramaskrik. Rama er eit gamalt bibelsk bynamn og sitatet som Matteus nyttar, er frå Jer 31,15.

Les meir om Dei uskuldige barna sin dag på Den katolske kyrkja si nettside.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: