St. Petri

Img_4173
Det var ei stor oppleving å vera på gudsteneste i St. Petri kyrkje i Stavanger i dag (02.12.2007).

Den store kyrkja frå 1866 har vore gjennom snart tre års restaureringsarbeid, og blei nå gjenopna med festgudsteneste. Og i kveld er det stort kulturarrangement i det som skal vera byens kulturkyrkje.

Kyrkja var fullsett i føremiddag. Då eg kom, var det så vidt eg fekk plass nede i kyrkjeskipet. Eg blei sitjande ute på sida under galleriet, men fann heldigvis ein plass der eg såg godt mellom søylene. Under gudstenesta kjente eg sterkt på kor mykje St. Petri betyr for meg. For det første fordi det var der eg blei døypt inn i Guds kyrkje då eg var liten. For det andre fordi denne kyrkja, då eg var tenåring, var ein samlingsstad for kristne ungdomar frå heile byen. Her hadde presten Sindre Eide og tensingkoret Skysing faste ungdomsgudstenester på søndagskveldar. Me danna vel det som i dag ville vore kalla ein ungdomsmenighet. Dette var eit miljø som betydde utruleg mykje for meg gjennom fleire år.

Img_4175
Bileta tok eg under kyrkjekaffien. Det første viser den store Kristusfiguren framme i kyrkja, ein kopi av Thorvaldsens skulptur i København. Det andre biletet er tatt bakover i kyrkja, og viser kor flott interiøret har blitt. Kyrkja har nå fått tilbake dei lyse fargene. I eit par generasjonar har ho hatt mørke og sterke fargar innvendig.

Biletet gir også eit inntrykk av dimensjonane i det store bygget. Då kyrkja blei bygd, var det dimensjonert for 1500 sitjeplassar. Nå er den annleis innreia, og kan ikkje ta så mange. Under orgelgalleriet bak er det sett opp ein glasvegg og innreia eit kulturtorg, ein kafé for kyrkjekaffi og andre arrangement.

Og namnet? Det er ein rest av latinsk påverknad. Petri er ein genitivsform og dette er altså ei Peterskyrkje like mykje som det meir kjente bygget i Roma.

Kyrkja skal nå vera kulturkyrkje for heile byen og samtidig soknekyrkje
for St. Petri menighet. Eg håper det er ein kombinasjon som vil fungera
godt i praksis!

Èitt svar til St. Petri

  1. Heidi: seier:

    Så spennande med kulturkyrkje! Eg trur eg må få med meg eit arrangement der før eller seinare!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: