Månafossen og Mån

Sist sundag var eg på familietur til Månafossen og Mån. Det var ein flott tur opp til Månafossen som har 90 meters høgde og som nå etter alt regnet var utruleg stor. Og ein ikkje mindre flott tur vidare opp til Friluftsgarden Mån. Med det veret me hadde, var det luksus å kunna sitja innandørs i den flotte varmestova med nistepakken og kaffien!

(Dette notatet er skrive i november 2005)

6a00d8341cb87053ef00e54f469c998833-640wi

Eg syns Mån er ein fantastisk plass, med elv og sletter under stupbratte fjellsider, og med Fidjadalen som lokkar innover i fjellet. Dette er eit område eg har mange minne frå. Her reiste eg på turar då eg var tenåring, lenge før turistforening merka løyper i området og friluftsrådet restaurerte den gamle fjellgarden.

Dei lengste og tøffaste turane var nok dei to gongene eg gjekk helgetur frå Eikjeskog i Frafjord til Lysebotn. Det var før vegen mellom Lysebotn og Sirdalen var bygd, og me gjekk då ned til Lysebotn på ein sti som stupte utfor fjellsida omtrent der dagens veg med hårnålssvingar går. På den tida hadde turistforeninga sjølvsagt heller ikkje hytter på Blåfjellenden og ved Langavatn. Det var ein utruleg lang og krevjande tur for ein 14-15 åring, men samtidig noko av det eg verkeleg huskar frå turlivet mitt som tenåring.

Sidan har eg gått mykje i desse fjellområda der turistforeninga nå har bygd hytter og merka løyper. Det er eit fint turområde som ligg lett tilgjengeleg for oss som bur i Sør-Rogaland. Eit heilt spesielt forhold har eg fått til Sandvatn-hytta. Når eg skriv dette, rippar eg forresten opp i det frustrerande forholdet at eg i heile 2005 ikkje har kome meg på tur dit!

Men tilbake til dagsturen sist helg. Det var ein vellukka tur, reint bortsett frå at eg på veg ned frå Mån var uheldig og fekk eit hardt slag i hovudet. Dette førte til smerter i hovud og nakke, som igjen førte til at ”eg skulle ta det med ro ei tid” (les: sjukemelding). Ikkje noko kjekt! Men trass i at eg har kome skada heim frå dei to siste fjellturane mine, meiner eg framleis at det er mykje farlegare å driva med fotball enn med fjellturar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: