Hyrdebrev frå biskopen

Biskopen vår, Ernst Baasland, sendte denne veka ut hyrdebrev til kyrkjelydane i Stavanger bispedøme. Det er i dag blitt lese opp i gudstenestene i alle kyrkjene. Eg syns han har eit viktig budskap til oss på denne første dagen i det nye kyrkjeåret. Det dreier seg om å gjera året som kjem til eit nådeår.

Les biskopen sitt hyrdebrev under "Continue reading …"

Hyrdebrev 2005

Nåde vere med dykk og fred frå Gud og Herren Jesus Kristus

Første søndag i advent tek eit nytt kyrkjeår til. I teksta for dagen seier Jesus: Gud har sendt meg ”for å setja undertrykte fri og ropa ut eit nådeår frå Herren.” Som biskop i Stavanger bed eg om at dette året kan verte eit nådeår frå Herren.

Vi lever godt i dette landet, og ikkje minst i denne delen av landet. Likevel er det nokon som opplever at vi lever i ei nådelaus tid. Nokon føler seg sette på sidelinja, i arbeidslivet, av familien, av vener. Menneske slit med langvarig sjukdom og annan funksjonsnedsetting. Nokon strever med plager som ikkje er synlege, andre føler skam ved å vere fattige. Då kan konkurransesamfunnet lett opplevast som nådelaust.

Jesus forkynte nåde, og spesielt for dei som var sette på sidelinja. Han ville sette folk fri og gje håp til fattige. Jesus kom for å reise menneske opp. Han gav verdighet til dei som hadde låg sjølvkjensle.

Eit liv i Jesu etterfølging vil bli eit nådeår. Eit slikt år kunne gjere livet annleis for mange. For dei som er såra, for dei som har opplevd overgrep eller utstøyting. Vår utfordring er å sjå kvarande ansikt til ansikt og å sjå Jesu ansikt hos dei vi møter. Då vert det eit nådeår frå Herren. Vi må gjere alvor av at vi alle treng Guds nåde. Óg dei som er stolte og som lukkast med det meste treng å sjå at livet er skjørt og at det vi har, har vi fått – av nåde. Når vi innleier gudstenestene våre med orda ”Nåde være med dykk”, då vert vi alle – uavhengig av bakgrunn – inviterte inn i nådens fellesskap.

Kyrkja har ikkje alltid følgt Jesu bodskap. Nokon har sår etter å ha møtt fordøming i bedehus og kyrkjer. Desse må vi møte med ei orsaking. For vi veit at berre Gud skal døme.

Eg ønsker at kvar einskild og kvar kyrkjelyd gjev ordet nådeår eit reelt innhald. Vi må bidra til å skape nådefellesskap. Korleis kan vi gje menneske verdighet, korleis kan kyrkjelydane våre vere med på å reise menneske opp? Når vi stiller eit slikt spørsmål har vi alt tatt til med å svare på kva det vil seie å skape eit nådeår. Eit velsigna nytt år, eit nådeår frå Herren.

Stavanger 27. november 2005

Ernst Baasland, biskop

Omtale av hyrdebrevet:

2 tankar på “Hyrdebrev frå biskopen

  1. Jeg synes det er skikkelig kult at du som prest blogger! Og at du blogger om jula, om Jesus o.l. En kunne jo sagt: «Jaja, det er bare fordi han er prest», men det er jo ikke bare det du blogger om. Det er kongelig å lese «en prests tanker»; da å forstå at du ikke alltid, 24/7 tenker på Gud og dem, men folk får lese og skjønne at du er et helt vanlig menneske som tilfeldigvis hadde lyst til å vie ditt liv til å snakke om Gud og dem. Det merkes at du bryr deg om mennesker, og det merkes at du vet hvor tilkortkommende vi kan være.

    Stå på, Berge! Du har ei dyktig kunstnerkone, sønnene dine er noen hverdagsengler, og ja; Hollywood Onnai var helt fantastisk.

    God jul i det Bergeske hus!

    Mvh
    Silje
    Salme139

    PS: Hjertelig velkommen m/ frue til Nærbø Nye Kyrkje 10.des kl22:00. Det skal visst være en konsert der, har jeg hørt.. bare spør Pål..

  2. Takk for gode ord, Silje. Ja, eg òg har høyrt om ein konsert på Nærbø…
    Eg veit ikkje om eg får til å gå på konserten, men uansett skal du vita at eg syns det er flott at du når så langt ut med tekstane dine og songen din for tida! Lukke til vidare!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: