Kyrkjeåret

Har du tenkt over at me som lever i ein kultur prega av kristendomen, har to kalendrar som går parallellt? I tillegg til kalenderåret, følgjer me også kyrkjeåret med sine høgtider og årstider. Det er i denne samanhengen ord som advent og jul høyrer heime.

Første sundag i advent 2005 begynner eit nytt kyrkjeår. Førstkomande sundag er altså som ein kyrkjeleg nyttårsdag! Eg markerer det her på bloggen med å oppretta kyrkjeåret som ny kategori, og skal i året som kjem prøva å halda bloggen oppdatert også på dette området.

Eg er glad for at kyrkjeåret vekslar mellom ulike sundagar, høgtider og periodar. Det er med og gir året innhald. Det blir på ein måte som med kalenderåret; me er heldige som har ulike årstider. Sjølv om eg ikkje ville vore utan hausten, er eg glad det ikkje er haust heile året!

Kyrkjeåret sitt utgangspunkt er feiringa av sundagen. Dette går heilt tilbake til dei første kristne. Dei begynte å samlast på den første dagen i veka, sundagen, som var dagen då Jesus stod opp frå dei døde. Dei feira altså på ein måte påske kvar veke.

Sidan vaks det fram eit kyrkjeår der kvar sundag og kvar heilagdag har sitt eige namn og sitt spesielle innhald. Den som følgjer med på dette, får setja seg inn i ulike sider ved den kristne trua og ved Jesus, han som er hovudpersonen i den kristne trua.

Kvar sundag og kvar heilagdag har sine bibeltekstar. Vil du finna ut kva som er neste sundags tekstar? Sjå her.

Hovudinndeling av kyrkjeåret

  • Advent
  • Jul
  • Openberringstida
  • Fastetida
  • Påsketida
  • Pinse
  • Treeiningstida

Liturgiske fargar

Ut frå innhaldet har dei ulike tidene og dagane i kyrkjeåret sin farge. I vår tradisjon er det vanleg å nytta fire ulike liturgiske fargar; kvit, lilla, rød og grøn. Fargene kan forklarast slik: Kvitt (eller gyllent) er fargen til Kristus-høgtidene, festen og gleda. Lilla (eigentleg: fiolett) er fargen for førebuing, bot og sorg. Rødt er fargen for Anden og Kyrkja, blodet og martyriet sin farge. Grønt er den nøytrale og fargen for vekst. Den blir nytta i dei tidene i kyrkjeåret som ikkje klart er knytt til dei andre fargene.

Verkar dette ukjent? Vel, alle veit at lilla er fargen for adventstida. Og at gult (eigentleg kvitt) er fargen for påske. I kyrkjene blir dei liturgiske fargene nytta heile året, bl a på stola og messehakel som er delar av prestedrakta, og på preikestolklede og andre kyrkjetekstilar i dei kyrkjene som har det.

Koss skal me forstå kyrkjeåret?

Tore Kopperud (som eg hadde som lærar i liturgikk då eg tok praktisk-teologisk seminar på MF) skriv i boka På vandring gjennom kirkeåret at han ser på kyrkjeåret som eit pedagogisk hjelpemiddel: «Talen om kirkeåret er en rent pedagogisk hjelpetanke, båret oppe av et klart teologisk innhold. Denne verdifulle hjelp kan hindre ossfra å falle i subjektivisme, ensidighet og vilkårlighet. Kirkeåret vil verne om Skriftens objektivitet og bidra til at alt Guds ord kommer frem (sml Apg 20,27).»

One thought on “Kyrkjeåret

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: