Dua, symbol for Den heilage ande

03/06/2017

rc3b8d

Eg ønsker god pinse med dette symbolet som eg har på stolaen på prestedrakta mi. I pinsen brukar me røde kyrkjetekstilar og helst symbol som kan knyttast til Den heilage ande. Symbolet på stolaen er ei due med korsforma glorie.

Kona mi, Inger, er tekstilkunstnar. Ho har designa stolaen, – og har vevd stoffet og brodert symbolet.

Dua er blitt brukt som symbol for Den heilage ande i kunsten frå 500-talet. Når dua symboliserer Anden, kjem den ovanfrå og flyr nedover, og den har normalt ei korsmerka glorie rundt hovudet.

Den røde kyrkjeårsfargen symboliserer Den heilage ande (eld) og offer (blod). Den liturgiske fargen rødt blir brukt i pinsen, på martyrdagane og ved ordinasjon/vigsling.

Bakgrunnen for å bruka dua som symbol for Den heilage ande, finn me i bibelhistoria om Jesu dåp i Jordanelva:

Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. (Matt 3,16)

Dua var elles den einaste fuglen som blei brukt som offer i tempelet i Jerusalem. J. Ursin skriv at me dermed kan seia at dua ved Jesu dåp peiker framover mot Jesu død. Han viser her også til profetien om lammet i Jes 53,7 (Jesaia = Esaias i eldre bibelutgåver).

Sin spesielle og viktigste symbolske tydning fikk duen da Jesus ble døpt, og Ånden kom ned i en dues skikkelse. Denne hendelse er meget bemerkelsesverdig.

Vi har tidligere nevnt at et vanlig symbol for Kristus er lammet. Det vil også være kjent at lammet var det dyr som kanskje mest ble brukt i Israel til ofringer. Og det var nettopp dette bilde profeten brukte (Es. 53,7) da han forutsa Jesu lidelse.

Men det er kanskje mindre kjent at av fugler var duen den eneste som ble brukt til offer. Det er derfor betegnende at ved Jesu innvielse til Messias-gjerningen viste Ånden seg i en dues skikkelse, og Johannes sier like etter: «Se der Guds lam«. Begge disse dyrebilder peker i særlig grad på Jesu soningsdød. (J. Ursin: Kristne symboler, Oslo 1975, side 115f)

Ursin Kristne symboler

Oppdatering: Sjå info om Ingers stolaer her.

Advertisements

Dei eldste kristne symbola

30/09/2013

Dei eldste kristne symbola var truleg T-forma kors, fisk – både som bilde og som ordspel – og (den gode) gjetaren.

Professor Larry Hurtado, Edinburgh, har arbeidd mykje med dei første kristne hundreåra. Nå har han nyleg vore her i Norge og halde foredrag om “Early Christian Writers on Christian Symbols” på ein konferanse på Universitetet i Oslo.  Han gjengir i dag hovudinnhaldet på bloggen sin:

Earliest References to Christian Symbols
I’ve just returned from a mini-conference held in Oslo, “Between Image and Text: The Early Medieval ‘Iconology’ of Graphic Representational Signs.” As the title suggests, the participants were pretty much all people with expertise in the medieval period . . . with me being a conspicuous exception! But the principal investigator of the funded research programme behind the conference generously invited me to contribute from within the limits of my own competence, thinking it helpful to have some input from my own very early period of Christianity.

My paper was on “Early Christian Writers on Christian Symbols,” and within the time allotted I focused on Christian texts of the late second and early third centuries. In these texts I was able to find references to the Christian use of the cross-symbol (typically referred to as having a T-shape in these early texts), fish-symbols (sometimes symbolizing Christians and sometimes Jesus), the acrostic of the Greek word for “fish” (ΙΧΘΥΣ = “ichthus”, representing “Jesus Christ God’s Son Saviour”), and the (good) shepherd image.

Les meir

Her er UiO sine sider om konferansen.


Ichtys

06/11/2005

6a00d8341cb87053ef00e54f5994a38834-640wi

Det aller eldste kristne symbolet er nok ikkje eit kors, men ein fisk! Bakgrunnen for at fisken kunne bli eit symbol på det å vera kristen, finn me i det greske språket som var det internasjonale språket i det første hundreåret e. Kr.

Det greske ordet som betyr fisk, ICHTYS, er sett saman av første bokstav i orda «Jesus Kristus Guds Son Frelsar» på gresk: Iesous CHristos Theou (H)Yios Soter.

Dei første kristne brukte, i periodar med forfølging i Romarriket, fisken som hemmeleg teikn for å gje seg til kjenne for kvarandre.

I dei arkeologiske utgravingane i Efesos har ein funne denne figuren som igjen er ein kode for ordet Ichtys. I sirkelen kan du finna alle bokstavane i ordet, og når dei teikna dette, trong dei heller ikkje teikna fisken!

07 Efesos. Ichtyssymbol i gata

Ichtyssymbol, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Fisken brukes òg i vår tid som kristent symbol. Blant anna blir det brukt som klistremerke på bilar. Då er det eit teikn på at eigaren av bilen er kristen!


%d bloggarar likar dette: