Ichtys

FischDet aller eldste kristne symbolet er nok ikkje eit kors, men ein fisk! Bakgrunnen for at fisken kunne bli eit symbol på det å vera kristen, finn me i det greske språket som var det internasjonale språket i det første hundreåret e. Kr.

Det greske ordet som betyr fisk, ICHTYS, er sett saman av første bokstav i orda “Jesus Kristus Guds Son Frelsar” på gresk: Iesous CHristos Theou (H)Yios Soter.

Dei første kristne brukte, i periodar med forfølging i Romarriket, fisken som hemmeleg teikn for å gje seg til kjenne for kvarandre.

56_img_0268_efesos_ichtyssymbolI dei arkeologiske utgravingane i Efesos har ein funne denne figuren som igjen er ein kode for ordet Ichtys. I sirkelen kan du finna alle bokstavane i ordet, og når dei teikna dette, trong dei heller ikkje teikna fisken!

Fisken brukes òg i vår tid som kristent symbol. Blant anna blir det brukt som klistremerke på bilar. Då er det eit teikn på at eigaren av bilen er kristen!

3 svar til Ichtys

  1. Bjørnar seier:

    He he he! Eg leste først: “Då er det eit teikn på at bilen er kristen!”

    Og altså… hvis du seier det så. Kem er eg til å argumentere med presten?

  2. Arne seier:

    Kanskje det er det nye? Eg har jo høyrt om kristne bøker, kristne leirstadar osv….

  3. Marte seier:

    Det stemmer nok. Både pappa og svogeren min har, ikke et klistermerke, men en enkel metallfisk på bilen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: