Johannes i Efesos

6a00d8341cb87053ef00e54f4567b78833-640wiApostelen Johannes var ein viktig leiar for dei kristne i Efesos mot slutten av det første hundreåret. Han kom sannsynlegvis til byen etter katastrofen då Jerusalem blei øydelagt av romarane i år 70 og dei kristne blei spreidde rundt omkring.

Det er vanleg å rekna med at Johannes blei forvist frå Efesos til Patmos ca år 95 under den romerske keisar Domitian, som sette igang store forfylgjingar mot dei kristne. Dette er då bakgrunnen for orda i Johannes Openberring: “Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.” (Op 1,9).

Då keisar Domitian blei drept i 96, kunne Johannes koma tilbake til kyrkjelyden sin i Efesos.

Dei skrifta i NT som er knytt til Johannes, har truleg blitt til i Efesos og på Patmos. Dette gjeld Johannesevangeliet, tre Johannesbrev og Johannes Openberring. Dei er anten skrivne av apostelen sjølv eller av disiplar i kretsen rundt han. Sjå The Johannine Literature Web.

Apostelen døydde sannsynlegvis i Efesos omkring år 100. I dag kan me sjå restane etter den store og imponerande kyrkja (Johannesbasilikaen) som blei bygd på 500-talet på staden der tradisjonen seier at Johannes blei gravlagt.

Johannesbasilikaen ligg på høgda Ayasoluk, namnet er ei tyrkisk form av Ayos Theologos (den heilage teologen) som igjen er den ortodokse kyrkja sitt æresnamn på Johannes. Kyrkja blei bygd av keisar Justinian (527-565) då det bysantinske riket var på høgda av si makt, over ei eldre og mindre kyrkje frå 300-talet. Kyrkjeruinen er restaurert i nyare tid og grava er nå markert med ei minneplate sentralt i kyrkja, der hovudaltaret ein gong stod.

Det finst lokale tradisjonar om at Johannes kom til Efesos allereie ca 42. Dette er gjengjeve i enkelte tyrkiske guidebøker som om det var historiske facts. Dersom dette er korrekt, var Johannes der før Paulus første gong dreiv misjon i byen! Korfor er då ikkje Johannes nemnt i Apg 18-20 som er det avsnittet som fortel om Paulus si verksemd i Efesos?

Desse lokale tradisjonane legg også stor vekt på at Jesu mor Maria kom til Efesos saman med Johannes. Dette blir knytt til at Johannes fekk ansvar for henne etter korsfestinga (Joh 19,25-27). Men det er òg sterke tradisjonar knytt til Marias død i Jerusalem. Eg trur den mest sannsynlege teorien er den at Johannes kom til Efesos etter 70, og at Maria døde i Jerusalem før dette.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: